Biblioteket er ope på nett og hjelper studentar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Skulle du gjerne hatt litt hjelp i eksamensførebuingane og oppgåveskrivinga di? Ikkje fortvil, biblioteket er ope på nett og tilbyr deg som student ei rekke tenester. Du kan mellom anna få låne deg ein bibliotekar.

Dei tilsette på biblioteket sit på heimekontor og er klare til å hjelpe deg over nett. Studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda som treng hjelp til litteratursøk, referansehandtering i APA eller akademisk skriving, kan kontakte biblioteket på skranke@hivolda.no eller via «lån ein bibliotekar» for å avtale tid til digital rettleiing via Zoom.

Det er også mogeleg å få rettleiing via e-post og telefon. Her er kontaktinformasjon til dei tilsette ved biblioteket.

Biblioteket har nettside der dei fortløpande oppdaterar med siste nytt.

Under her er tilboda biblioteket har for å hjelpe deg som student lista opp:

Litteratursøk

Ettersom den fysiske litteratursamlinga er utilgjengeleg hjelper vi deg gjerne med å finne alternativ, digital tilleggslitteratur. 
Ta kontakt på skranke@hivolda.no for å avtale tid. 

«Lån ein bibliotekar»

Vi tilbyr «lån ein bibliotekar», der du kan få hjelp til å formulere søkeord, finne ut kva databasar det er relevant å søke i, samt lære meir om kva søketeknikkar du kan nytte for å få best mogeleg treff. 

For å få best mogeleg utbytte av timen, er det lurt om du har søkt ein del på førehand og har problemstillinga di klar.

Send inn skjema for å bestille time, og ein bibliotekar vil ta kontakt med deg. PS! I desse koronatider gjeld dette tilbodet for ALLE studentar, ikkje berre masterstudentar.

Kjeldesortering

Biblioteket har ei fyldig eksempelsamling til APA der du finn svar på korleis du siterer og fører opp litteraturliste etter dei fleste kjeldetypane. Her er eksempelsamlinga til APA.  
Kildekompasset.no er også eit godt verktøy.

Biblioteket rettar ikkje heile litteraturlista, men dersom du har kjelder du synes er vanskeleg å finne ut av på eiga hand er det berre å sende spørsmål til skranke@hivolda.no

Akademisk skriving

Står du fast i skriveprosessen? Er oppgåva vanskeleg å forstå? 

Du kan få hjelp med å forstå oppgåveformuleringer, struktur, språk og anna. Biblioteket forventer at du sjølv er aktivt deltakande i rettleiinga. Du får ikkje hjelp til språkvask, vurdering av nivå på oppgåva di, retting eller fagleg rettleiing.

Biblioteket tilbyr rettleiing på Zoom og telefon ved å avtale på e-post til skranke@hivolda.no

Kjeldesorteringsstasjonen

Biblioteket kjem til å ha drop-in på Zoom to dagar i veka, men dei er usikre på når dei startar opp med det og kor lenge dei vil tilby det.Tilbodet er like om hjørnet – følg med på denne sida
 

Del på