Synnøve Riste fram i lyset

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

– «Eg tykkjer eg er skapt til å vere med i noko stort», skriv Synnøve i dagboka si. Det passar på dykk her. Å utdanne lærarar, det er noko stort, sa Reidun Aambø om den nye utsmykkinga si av Synnøve Riste-huset ved høgskulen.

Ein gåtur over campus i Volda er som ei lita namnereise gjennom dei rike tradisjonane høgskulen er tufta på. Menneska med lokale røter som bygningane ved Høgskulen i Volda (HVO) har namn etter, har på kvart sitt vis sett viktige spor i studiebygda – avtrykk som framleis bur i danninga vi vil gi studentane våre.

Men kor mange kjenner eigentleg opphava til desse namna i dag? Pensjonert førstelektor Reidun Aambø vil at fleire skal vite kven husa ved HVO heiter etter.

I fjor sytte ho for at folk no får møte Berte Kanutte Aarflot ved inngangen til det som i kvardagen berre heiter «BK». No har også føregangskvinna bak hus-initialane «SR» fått sin rettmessige plass i lyset: Synnøve Aarflot Riste (1858–89).

Tre grunnsteinar i same slekta

– Eg føler meg litt i slekt med Synnøve, byrja Reidun Aambø under avdukinga av posteren ho har jobba med å utforme om Synnøve Riste det siste året, med undertittelen «drivkraft for kvinnesak og målsak i 1880-åra».

Framfor eit lydhøyrt publikum som tok ein opplysande pause frå arbeidskvardagen i nettopp Synnøve Riste-huset, måla Reidun Aambø eit kunnskapsrikt portrett av Synnøves markante og berre 31 år lange liv.

Aambø var i mange år førstelektor og forskar ved Institutt for språk og litteratur ved HVO. I 2016 fekk ho FoU-prisen for arbeidet sitt. Og slektskapen? Synnøve Ristes mor og Reiduns mor vaks begge opp på den same garden i Åmdalen i Ørsta. Det er like fullt Volda som har mykje å takke Aarflot-slekta for: stortingsrepresentantar, lensmenn og ordførarar med meir – over lange periodar. Folkeopplysaren Sivert Aarflot (1759–1817), namnefaren til mediebygget ved HVO, var oldefaren til Synnøve, og Berte Kanutte var grandtanta hennar.

– Ein kan nesten seie det slik: Dersom du har soga om Volda og tek ut alt som gjeld Aarflot-ane, då sit du att med permane, poengterte Aambø.

Løfta personleg og språkleg fridom

Synnøve Riste var gift med folkeopplysar og lærar Per Riste. I heimen Ristegarden skapte dei eit kulturradikalt sentrum i Volda som Aambø kunne fortelje mykje om:

– Det var det næraste ein kan kome ein litterær salong.

Her var det ope hus og opne sinn med diskusjonar og foredrag om litteratur, kvinnesak, fråhaldssak, kristendom, klassesamfunn og fattigdom. Gjennom å drive skule der oppmoda Synnøve bygdejentene til å ta plass og få eit sjølvstendig, fritt syn på livet.

Jula 1884 forma ein stor møtelyd på Ristegarden ein av resolusjonane bak det historiske jamstillingsvedtaket som har sikra oss eit likestilt nynorsk språk.

– Eg kjenner ein eld i meg!

Aambø fortalde vidare om korleis Synnøve var ein viktig pådrivar for det første bygdebladet på landsmål, Vestmannen, med rothoggaren Rasmus Steinsvik som redaktør. Her skreiv Synnøve mellom anna om stemmerett for kvinner, målsak, ungdomsarbeid og den nye litteraturen – og om å passe seg for sladrekjerringar.

– Ho høyrde til den politisk radikale sida og tok avstand frå «pietistane sine dommar, som låg som ei mørk skodde over bygda», som ho skriv i dagboka si. Ho var ei sjølvstendig og uredd kvinne i skrift, tale og framferd, sa Aambø under avdukinga, og siterte frå Synnøve Ristes tidleg tankar om kjønnsrollene i samfunnet:

– «Er det rett at kvinna skal ofre seg heilt for andre og ikkje få tilgang til ånda si verd? Akk Gud, var eg ein gut, kor eg skulle ha kjempa. Eg kjenner ein eld i meg!»

Per Halse takkar Reidun Aambø for posteren om Synnøve Riste.
Per Halse, prodekan for forsking ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, takkar Reidun Aambø for posteren ho har skjenkt HVO.

Skapt til å vere med i noko stort

Å fange eit rikt liv på ein poster er inga lett oppgåve. Det same kan seiast om å føre vidare ein arv gjennom utdanning. Reidun Aambø delte inspirasjonen frå hovudpersonen:

– Eg overlèt Synnøve Aarflot Riste til dykk. Sjå på henne av og til når du passerer. Eg vil nemne det som Synnøve skriv i dagboka si om kulturkampen: «Eg tykkjer eg er skapt til å vere med i noko stort.» Det passar på dykk som arbeider i dette huset. Å utdanne lærarar og førskulelærarar, det er noko stort. Lykke til med vidare arbeid.

Har Reidun Aambø med dette fullført prosjektet sitt? Kven veit. Men langt er det ikkje til Sivert Aarflot-huset på campus.

Del på