Professoren som brenn for barnehagen

Tekst: Steinarr Sommerset , Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

– Eg meiner at forskinga er viktig for ungane også, seier den nye professoren ved Høgskulen i Volda (HVO) Gerd Sylvi Steinnes.

Nyleg fekk Gerd Sylvi Steinnes opprykk til professor ved Institutt for pedagogikk på HVO. Steinnes rykkjer opp til den gjæve tittelen på bakgrunn av omfattande forsking, publisering og formidling retta mot barnehagefeltet, i tillegg til lang erfaring frå undervisning og rettleiing.

– Dette var veldig kjekt. Eg har hatt eit langt arbeidsliv ved Høgskulen i Volda og synest opprykket var stas, smiler den ferske professoren.

Steinnes er utdanna førskulelærar, har hovudfag i pedagogikk frå UiO og doktorgrad i profesjonsteori frå OsloMet. Ho byrja ved HVO i 1995 og har undervist på barnehagelærarutdanninga i mange år. I dag underviser ho mest på masternivå i barnehagekunnskap og rettleiarutdanning.

Viktig at barnehagelærarar kan bli professor

Sjølv om det blir mindre undervisning med professorstilling, kjem Volda-studentane framleis til å kunne nyte godt av den faglege drivkrafta hennar.

– Eg likar veldig godt å undervise. Det har eg alltid gjort. Og eg brenn for barnehagelærarar og barna i barnehagen – det er det som har motivert meg opp gjennom åra, fortel Steinnes engasjert.

I akademia er kanskje professortittelen krona på verket, men Steinnes har ikkje planar om å kvile på laurbæra. Ho forskar no på både praksisrettleiing i barnehagelærarutdanninga og på arbeidsdelinga, kompetansen og leiinga i barnehagen. Dette feltet kjenner ho godt frå fleire sider – også som tidlegare førskulelærar.

– Det er viktig for barnehagane at tidlegare barnehagelærar som meg faktisk blir professor og på den måten kan påverke. Mi oppleving er at barnehagesektoren er veldig interessert i ny forsking, er opptatt av kvalitet og dessutan ser at relevant forsking kan gjere barnehagen betre. Derfor er forskinga viktig for ungane også.

Har forska fram politiske endringar

Steinnes har også bidrege i politikkutforming mellom anna gjennom deltaking i ei regjeringsoppnemnd ekspertgruppe om barnehagelærarrolla. At forskinga hennar ikkje har blitt liggjande i ei skuffe, motiverer til vidare vitskapleg innsats.

Når vi møter den nyaste professoren ved HVO, har ho akkurat sendt ut ei undersøking til barnehagane i heile landet for å forske meir på utfordringane deira (ekstern lenkje til barnehage.no).

– Denne forskinga byggjer på doktorgraden min frå 2014. Den gongen identifiserte avhandlinga mi eit press på profesjonen fordi faglærte var i mindretal i barnehagen og ikkje fekk nok legitimitet og gjennomslag for faglegheit – og desse funna fekk direkte konsekvensar for politiske tiltak. Eg opplever at denne forskinga er etterspurd.

Ti år seinare har det mellom anna blitt fleire barnehagelærarar i Noreg, og Steinnes er no interessert i å sjå kva effekt dette har hatt, i samarbeid med forskarkollegaene Lise Hannevig (USN) og Birgitte Ljunggren (DMMH).

– Den nye undersøkinga vår er utvida til å også handle om leiing. Med ein annan arbeidsstokk i barnehagane kan ein mellom anna tenkje seg at arbeidsdelinga har endra seg. Det blir kjempespennande å sjå korleis utviklinga har vore på desse ti åra, seier Steinnes.

Gerd Sylvi Steinnes.
Den ferske professoren opplever at barnehagesektoren er veldig interessert i ny forsking, er opptatt av kvalitet og dessutan ser at relevant forsking kan gjere barnehagen betre. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Utfordringane i barnehagen krev spissa forsking

Til liks med skulen er det ei kjensgjerning at den norske barnehagen har fleire utfordringar på timeplanen.

– Eg oppfattar eit stadig større press på ulike plan. Etter korona verkar det som det har blitt meir sjukdom, og i tillegg er det i dag eit enormt press frå diverse aktørar som skal pådytte barnehagane ulike typar tiltak og program. Det er også forventningar om at barnehagetilsette skal løyse stort sett alle utfordringar som finst, knytte til barna, utdjupar professoren.

Steinnes peikar også på at vilkåra for barnehagen er vanskelege.

– Det er framleis ikkje nok kvalifiserte barnehagelærarar, og totalt sett ikkje nok personale. Store delar av dagen kan du vere åleine med relativt store barnegrupper. Det gir ikkje eit godt grunnlag for å drive solid pedagogisk arbeid. Det må gjerast noko med både kompetansen og rammene, om barnehagane skal klare å oppfylle mandatet dei har, for det er mykje det står i rammeplanen at dei skal gjere.

Kva kan vitskapen bidra med for å betre situasjonen?

– Vi må konsentrere oss om dei viktige spørsmåla i forskinga, det som har konsekvensar for dei som jobbar ute i barnehagane, og det som har konsekvensar for ungane. Når vi forskar på kompetansen i barnehagen og korleis denne blir brukt, kan det bidra til å opplyse politikarane om tilstanden på feltet og skape endringane som trengst, avsluttar professor Steinnes.

Del på