Informasjon til nye studentar

Tekst: Ragnhild Halsen

- Oppdatert

f91d7cd25dd63f985d3a8c7dbd5ff94f802047c5

Søk og finn

Biblioteket sine samlingar er registrerte og søkbare i Bibys Ask – ein felles database for litteraturen i norske universitets- og høgskulebibliotek. Du søker sjølv opp bøkene og finn dei fram frå hylla. Spør gjerne i skranken dersom du treng hjelp.

Pensum

Vi har minimum 2 eksemplar av kvar pensumbok.  Det er ofte lang venteliste, så det kan lønne seg å kjøpe bøkene sjølv.

Låne bøker

Studentkortet fungerer som lånekort. Når du har skaffa deg studentkort kan du låne på biblioteket. Bruk gjerne sjølvbeteningsautomaten.

Lånetid, fornying og reservering

I utgangspunktet er lånetida 4 veker, men eit dokument kan verte kalla inn etter 1 veke dersom andre reserverer det. Lånetid for dvd’ar er 1 veke.  Det er høve til å fornye lån som det ikkje er reservering på.

Dersom alle eksemplara av ei bok er utlånte kan du setje deg på venteliste (reservere).

Full oversikt over kva du har lånt og bestilt kan du få ved å logge deg på tenesta BIBSYS MinSide (også tilgjengeleg som app for iphone og android). Her kan du dessutan fornye låna dine. Logg på via Feide, med same brukarnamn og passord som du brukar i nettverket/Fronter.

Les student-e-posten din på hivolda.no

Biblioteket sender tilbakemeldingar på bestillingar og purringar til student e-postadressa di på hivolda.no (ikkje til den private e-post adressa di). Hentebeskjedar på reserverte dokument sender vi som sms til registrert mobilnr.

Grupperom og arbeidsplassar

I biblioteket finn du to lesesalar, sju grupperom, datarom og filmrom. I tillegg finst det ei rekkje lese- og gruppearbeidplassar ute i sjølve biblioteklokalet. Vi har også trådlaust nett (Eduroam).

Biblioteket er eit arbeidsrom for alle, og det er lov til å snakke og arbeide i grupper. Vi oppfordrar likevel alle til å vise omsyn til kvarandre og unngå sjenerande støy og høglytt prating. Samtalar på mobilen bør ein ta utanfor biblioteket.

Grupperom reserverer du sjølv – sjå http://www.hivolda.no/grupperom

Utskrifter og kopiar

Du brukar studentkortet når du skal ta utskrifter og kopiar. Før du brukar det første gongen må kontoen aktiverast. Dersom du registrerer deg i oppstartsveka, får du samtidig hjelp til aktivering av utskriftskonto. Om du vel å registrere deg seinare, må du aktivere kontoen sjølv. Meir info om utskrifter, aktivering og påfylling av utskriftskonto finn du her.

Har du fleire spørsmål?

Ta gjerne kontakt med oss i skranken, vi er her for å hjelpe deg.

Dersom du har konkrete spørsmål knytte til lån og bestillingar, kan det også vere lurt å ta ein titt på sida Låne og bestille.

Del på