Semestre
ANFIG163 Figurteikning 3
For english speaking exchange students: Admission for exchange students is based exclusively on portfolio assessment. All exchange students must submit a link to their online portfolio, together with the application documents.
Gjennom teikneøvingar med rettleiing og forelesingar er målet å utvikla evner innan observasjon og avansert problemløysing innan teikning. Studenen skal lære å bruke kunnskap frå teiknekurset som utgangspunkt for arbeidet med animasjon spesielt, men og innan kunstnarisk utdanning og yrkesliv generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket vil studenten ha oppnådd følgande læringsutbytte etter endt emne:
Studenten skal:
- ha avansert kunnskap om modellering, rørsle, balanse, vekt og komposisjon innan teikning
- ha ei god forståing av korleis anatomi påverkar kroppens utsjånad og korleis den blir avteikna todimensjonalt
- forstå at teikning kan vere informativ og objektiv, men òg subjektiv og illustrerande
Studenten skal kunne
- fange ein ide og visualisere løysingar
- teikne med ein personleg strek
- gjere seg nytte av perspektivteikning
- utvikle evna til å behandla lys og skygge i teikning
- sjølvstendig problemløysing
- ha eit analytisk blikk på eigne teikningar
Studenten skal
- ha samla meir erfaring med sjølvstendig arbeid med kreative prosessar og innan estetikk
- ha velutvikla teikneferdigheiter som vil hjelpe i animasjonsstudier og anna kunstnarisk utdanning og yrkesliv
Emnet består av praktiske øvingar der ein teikner etter ein aktmodell, og teoriundervisning. Ein faglæraren rettleier studenane sitt arbeid med dei praktiske oppgåvene. Undervisninga blir haldne på norsk, og på engelsk for utanlandske studentar.
Ved slutten av semesteret vel studenten, saman med rettleiar, ut teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Studentane må sjølv sørge for å følgande grunleggande verktøy, trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge dei eit fargeleggings-reiskap etter eige val. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |