Semestre
ANFIG163 Figurteikning 3
Studentar som har tilsvarande kunnskap frå andre universitet, høgskular eller teiknekurs kan søke på dette utan ANFIG101 og ANFIG102. Søkarane må da levere portofolie for godkjenning.
Gjennom teikneøvingar med rettleiing og forelesingar er målet å mestre observasjon og avansert problemløysing innan teikning. Studenen skal lære å bruke kunnskap frå teiknekurset som utgangspunkt for arbeidet med animasjon spesiellt, men og innan kunstnarisk utdanning og yrkesliv generellt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket vil studenten ha oppnådd følgande læringsutbytte etter endt kurs:
Studenten skal:
- ha avansert kunnskap om modelering, rørsle, balanse, vekt og komposisjon innan teikning
- ha ei god forståing av korleis anatomi påverkar kroppen utsjånad og korleis den blir avteikna todimensjonalt
- forstå at teikning kan vere inormativ og objektiv, men og subjektiv og illustrerande
Studenten skal kunne
- fange ein ide og visualisere løysingar
- teikne med ein personleg strek
- gjere seg nytte av perspektivteiknng
- meistre lys og skygge i teikning
- sjølvstendig problemløysing
- ha eit analytisk blikk på eigne teikningar
Studenten skal
- ha samla meir erfraing med sjølvstendig arbeid med kreative prosessar og innan estetikk
- ha velutvikla teikneferdigheiter som vil hjelpe i animasjonsstudier og anna kunstnarisk utdanning og yrkesliv
Emnet består av praktiske øvingar der ein teikner etter ein aktmodell, og teoriundervisning. Ein faglæraren rettleier studenane sitt arbeid med praksisoppgåvene. Praksisoppgåvene vidarefører arbeidet frå ANFIG102. Undervisninga blir haldne på norsk, og på engelsk for utanlandske studentar.
Ved slutte av semesteret vel studentane ut 5 større teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vil bli gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Emnet blir avaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.
Studentane må sjølv sørge for å følgande grunleggande verktøy, trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge dei eit fargeleggings-reiskap etter eige val. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |