Semestre
ANFIG163 Figurteikning 3
Ingen.
For engelsktalande utvekslingsstudentar: Opptak for utvekslingsstudentar er utelukkande baserte på vurdering av portefølje. Alle utvekslingsstudentar må senda inn ei lenkje til den nettbaserte porteføljen sin saman med søknadsdokumenta.
Målet i figurteikning er å trene studenten i observasjons- og teikneevner. Dette vil gi verktøy og eit grunnlag for å løyse animasjonstekniske utfordringar gjennom bachelorstudiet. Emnet er meint for studentar som allereie har lært grunnleggande prinsipp innan figurteikning. Studenten vil få utvida kunnskap om proporsjonar, anatomi, bevegelse og komposisjon, og lære å forhalde seg til meir komplekse former. Studenten vil også lære seg å oppdage proporsjonsforhold innanfor ei begrensa tidsramme, og dei vil, meir generelt, få utvida kunnskap om moglegheiter innan teikning som kunstnarisk uttrykk. Hovudmålet med emnet er at studentane skal oppretthalde og vidareutvikle ferdigheitene frå Figurteikning 1 og 2. Emnet består av forelesingar og praktiske øvingar med rettleiing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket vil studenten ha oppnådd følgande læringsutbytte etter endt emne:
Studenten skal:
- ha avansert kunnskap om modellering, bevegelse, balanse, vekt og komposisjon innan teikning
- ha ei god forståing av korleis anatomi påverkar kroppens utsjånad og korleis den blir avteikna todimensjonalt
- forstå at teikning kan vere informativ og objektiv, men òg subjektiv og illustrerande
Studenten skal kunne
- fange ein ide og visualisere løysingar
- teikne med ein personleg strek
- gjere seg nytte av perspektivteikning
- utvikle evna til å behandla lys og skygge i teikning
- sjølvstendig problemløysing
- ha eit analytisk blikk på eigne teikningar
Studenten skal
- ha samla meir erfaring med sjølvstendig arbeid med kreative prosessar og innan estetikk
- ha velutvikla teikneferdigheiter som vil hjelpe i animasjonsstudier og anna kunstnarisk utdanning og yrkesliv
Emnet består av praktiske øvingar der studenten teikner etter ein aktmodell, og teoriundervisning. Faglæraren rettleier studenten sitt arbeid med dei praktiske oppgåvene. Forelesingar vil bli haldne på norsk, og på engelsk for utanlandske studentar.
Ved slutten av semesteret vel studenten, saman med rettleiar, ut 5 større teikneoppgåver som leverast i mappeeksamen.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Studentane må sjølv sørge for å følgande grunleggande verktøy, trekull, knetgummi og fiksativ. I tillegg kan dei trenge dei eit fargeleggings-reiskap etter eige val. Anna naudsynt utstyr blir gitt av skulen.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |