Semestre
ANI113 Animasjon 3: 3D-animasjon - stop motion og CGI
Studenten skal gjennom praktiske øvingar utforske stop-motion animasjon. Både todimensjonal cut-out og tredimensjonal dokkeanimasjon
Emnet gir innføring i tredimensjonal dataanimasjon, ulike begrep og konsept innan denne teknikken, og organisering av arbeidet med relevant programvare.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten skal ha grunnleggande kunnskap om:
- Stop-motion cut-out animasjon
- Stop-motion dukkeanimasjon
- Digital programvare for tredimensjonal data-animasjon
Studenten skal ha utvida ferdigheiter innan:
- Lage papirdukker oog sett for cut-out animasjon og animere desse
- Kunne utføre grunnleggande stop-motion dokkeanimasjon
- Kunne animere digitale karakterar og bygge og lyssette enkle kulissar i Autodesk Maya
- Kunne gjennomføre eit mindre prosjekt gjennom bruk av tredimensjonal data-animasjon
Studenten skal kunne:
- Tenke kreativt og kunne improvisere
- Kommunisere med audiovisuelle tekstar
Gruppeundervising og arbeidsverkstader. Individuelt arbeid med rettleiing.
Faglærar opplyser ved semesterstart kva for prosjekt som skal gjennomførast. Endeleg eksamen skjer på grunnlag av mappeinnlevering.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |
Animasjonsøvingar i stop-motion
Eit mindre prosjekt i tredimensjonal data-animasjon