Semestre
ANI161 Animation 1: Basics of animation - 2D/cartoons
Ingen.
Animasjon 1 er hovudgrunnkurset i animasjonsprogrammet som gir studentane høve til å forstå og meistra dei grunnleggjande prinsippa for animasjon. I dette kurset utviklar studentane grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter på område som animasjon, visuell utvikling og historieforteljing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om
- bevegelsesprinsipp i animasjon
- dataprogram for produksjon av teiknefilm og redigering av bilde og lyd
- kunstnariske komposisjonsprinsipp, karakterdesign og konvensjonell historieforteljing innan animasjon
- korleis eigne idear kan visualiserast gjennom storyboard og animatic
Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter innan
- å lage enkle teiknefilmsekvensar
- å bruke digitalt teiknefilmprogram
- å redigere ein enkel teiknefilm
- å utvikle ein idé til eit filmkonsept
Studenten skal
- Kunne bruke teikning som uttrykksmiddel i animasjon
- Bruke dramaturgiske verkemiddel i historieforteljing
I dette praksisorienterte kurset skal studentane jobba med grunnleggjande animasjonsøvingar, visuell utvikling og forteljarøvingar. Det kan vera individuelle eller gruppeøvingar med rettleiing. I samarbeid med emneansvarleg definerer forelesarane øvingane. Nokre av desse øvingane må leverast som ein del av ein mappeeksamen. Studentane vil bli informerte om kva og korleis dei skal levera dei av forelesarane.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |
Mappa skal innehalde:
- Grunnleggande øvingar i teiknefilm
- Ein animatic
- Øvingar i digital teiknefilm
Fil-typar som vert nytta: .mpeg 4, .avi, .pdf, .zip