Semestre

ANI161 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm

Emnekode: 
ANI161
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

I dette emnet blir det gitt ei innføring i grunnleggande animasjonsprinsipp i teiknefilm. Studentane vil gjere korte animasjonsøvingar, lære å ta i bruk line-test og lage animatic. Dei vil også få innføring i grunnleggande teiknefilm-layout og få grunnleggande opplæring i programvare for digital teiknefilm. Studentane skal også få grunnleggande innføring i bruk av utstyr for lydopptak, og programvare for redigering av bilde og lyd.

Det vil også bli gitt ei innføring til prinsipp innan kunstnarisk komposisjon, karakterdesign og konvensjonell historieforteljing innan animasjon.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studentane skal ha grunnleggande kunnskap om

  • bevegelsesprinsipp i animasjon
  • dataprogram for produksjon av teiknefilm og redigering av bilde og lyd
  • kunstnariske komposisjonsprinsipp, karakterdesign og konvensjonell historieforteljing innan animasjon
  • korleis eigne idear kan visualiserast gjennom storyboard og animatic
Ferdigheiter

Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter innan

  • å lage enkle teiknefilmsekvensar
  • å bruke digitalt teiknefilmprogram
  • å redigere ein enkel teiknefilm
  • å utvikle ein idé til eit filmkonsept
Generell kompetanse

Studenten skal

  • Kunne bruke teikning som uttrykksmiddel i animasjon
  • Bruke dramaturgiske verkemiddel i historieforteljing
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane arbeider med animasjonsoppgåver innan teiknefilm på papir, digital teiknefilm og digital cut-out (After Effects). Dei utfører også storyboard- og animaticoppgåver, og lærer å redigerer lyd og bilde. Dette skjer som individuelt- og gruppearbeid med rettleiing. Studenten skal i løpet av semesteret ha gjennomført:

  • 5 eller fleire teiknefilmøvingar på papir
  • 2 eller fleire storyboard øvingar
  • ein animatic
  • 2 eller fleire teiknefilmøvingar på data
  • redigering av ein filmsekvens med lyd

Desse arbeida skal leverast i mappeeksamen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Mohammad Javad Khajavi
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Faglærar opplyser ved semesterstart kva for prosjekt som skal gjennomførast.

Mappa skal innehalde:
- Grunnleggande øvingar i teiknefilm
- Ein animatic
- Øvingar i digital teiknefilm

Fil-typar som vert nytta: .mpeg 4, .avi, .pdf, .zip
Godkjent av: 
Kate Kartveit