Semestre
ANI161 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm
Ingen.
Dette kurset gir ei innføring i grunnleggjande animasjonsprinsipp i teikna animasjon. Gjennom korte øvingar vil studentane lære om dei grunnleggjande verktya i animasjonsfaget. Dei vil bli introduserte til teknologiar og verkty for animasjonsproduksjon, og lære korleis visualisere idear gjennom storyboard, animatic og historieforteljing.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studenten er forventa å ha grunnleggjande forståing av
- prinsipp for klassisk animasjon
- korleis bruke teknologi og verkty for animasjonsproduksjon
- historieforteljing i animasjon
- korleis idear kan bli visualiserte gjennom eit storyboard og ein animatic
- korleis redigere bevegelege bilete og arbeide med lyd
Studenten er forventa å kunne
- lage ein enkel sekvens av teikna animasjon
- bruke programvare som eit verkty for teikna animasjon
- fortelje ei kort historie gjennom storyboard
- redigere ein enkel sekvens av teikna animasjon
- utvikle eit visuelt konsept
Studenten er forventa å kunne
- bruke teikningar som ei form for uttrykk i animasjon
- ha forståing for grunnprinsippa i animasjonshandverket
Studentane arbeider med oppgåver som består av å lage teikna animasjon. Ofte vil studentane lære i ein workshop med eit sluttprodukt som mål. Dei arbeider også med storyboard og animatic-oppgåver, og lærer å redigere lyd og bevegelige bilete. Studentane vil arbeide både individuelt og i grupper, og vil få rettleiing av ein lærar.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |
Mappa skal innehalde:
- Grunnleggande øvingar i teiknefilm
- Ein animatic
- Øvingar i digital teiknefilm
Fil-typar som vert nytta: .mpeg 4, .avi, .pdf, .zip