Semestre
ANI162 Animasjon 2: 3D-animasjon - stop motion og CGI
I dette emnet blir det gitt ei innføring i cut-out animasjon, stop-motion dokkefilm og 3d-dataanimasjon. Målet er at studenten skal lære seg grunnleggande verktøy og ferdigheiter innan dei ulike teknikkane. Gjennom denne grunninnføringa i to tradisjonelle animasjonsteknikkar blir studentane kjende med ulike uttrykksmoglegheiter innan animasjon. Gjennomføringa skjer i form av arbeidsverkstader og praktiske øvingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studentane skal ha grunnleggande
- kunnskap om digital cut-outanimasjon
- kunnskap om stop-motion dokkeanimasjon
- kunnskap om 3d dataanimasjon
Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter i
- digital animasjon
- å animere ei dokke
- å bruke kamera og tilhøyrande programvare for stop-motion animasjon
- kunne gjennomføre eit mindre prosjekt gjennom bruk av 3d dataanimasjon
Studentane skal kunne
- jobbe sjølvstendig innanfor fagområdet
- samarbeide i gruppe om eit prosjekt
Studentane blir undervist i teknikkar og programvare, og arbeider utifrå dette sjølv med praktiske animasjonsoppgåver. Arbeidet skjer både i gruppe og åleine, med rettleiar. I løpet av semesteret skal studentane ha gjennomført
- animasjonsøvingar med dokke
- eit kort prosjekt i 3d-dataanimasjon
- animajonsøvingar i digital cut-out
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |