Semestre
ANI162 Animasjon 2: 3D-animasjon - stop motion og CGI
I dette emnet blir det gitt ei innføring i stop-motion dokkefilm og 3d-dataanimasjon. Målet er at studenten skal lære seg grunnleggande verktøy og ferdigheiter innan dei ulike teknikkane. Gjennom denne grunninnføringa i to tradisjonelle animasjonsteknikkar blir studentane kjende med ulike uttrykksmoglegheiter innan animasjon. Studentane får også kurs i tradisjonell og digital cut-out-animasjon og i bruk av kamerautstyr. Gjennomføringa skjer i form av arbeidsverkstader og praktiske øvingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:
Studentane skal ha grunnleggande
- kunnskap om tradisjonell (stop-motion) cut-out-animasjon
- kunnskap om programvare for digital cut-out (After Effects)
- kunnskap om stop-motion dokkeanimasjon
- kunnskap om digital programvare for tredimensjonal dataanimasjon
- kunne differensiere mellom og kjenne til kva som karakteriserer ulike tradisjonelle animasjonsteknikkar
Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter i å
- lage papirdokker og sett for stop-motion-cut-out animasjon og animere desse
- animere ei dokke
- bruke kamera og tilhøyrande programvare for stop-motion animasjon
- kunne gjennomføre eit mindre prosjekt gjennom bruk av tredimensjonal dataanimasjon
- kunne animere digitale karakterar, og bygge og lyssette enkle kulissar i Autodesk Maya
- kunne variere mellom ulike tradisjonelle animasjonsteknikkar
Studentane skal kunne:
- jobbe sjølvstendig innanfor fagområdet
- samarbeide i gruppe om eit prosjekt
Studentane blir undervist i teknikkar og programvare, og arbeider utifrå dette sjølv med praktiske animasjonsoppgåver. Arbeidet skjer både i gruppe og åleine, med rettleiar. I løpet av semesteret skal studentane ha gjennomført
- animasjonsøvingar med dokke
- eit kort prosjekt i 3d-dataanimasjon
- eit kort prosjekt i stop-motion-cut-out-animasjon
- animajonsøvingar i digital cut-out
Desse arbeida skal leverast i mappeeksamen
ingen særskilde vilkår.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | Stått eller ikkje stått | 100 |
Animasjonsøvingar i stop-motion
Eit mindre prosjekt i tredimensjonal data-animasjon