Semestre

ANI162 Animation 2: 3D animation - Stop-motion and CGI

Emnekode: 
ANI162
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI161 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm
Om emnet

I dette emnet blir det gitt ei innføring i stop-motion dokkefilm og 3d-dataanimasjon. Målet er at studenten skal lære seg grunnleggande verktøy og ferdigheiter innan dei ulike teknikkane. Gjennom denne grunninnføringa i to tradisjonelle animasjonsteknikkar blir studentane kjende med ulike uttrykksmoglegheiter innan animasjon. Studentane får også kurs i tradisjonell og digital cut-out-animasjon og i bruk av kamerautstyr. Gjennomføringa skjer i form av arbeidsverkstader og praktiske øvingar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studentane skal ha grunnleggande

  • kunnskap om tradisjonell (stop-motion) cut-out-animasjon
  • kunnskap om programvare for digital cut-out (After Effects)
  • kunnskap om stop-motion dokkeanimasjon
  • kunnskap om digital programvare for tredimensjonal dataanimasjon
  • kunne differensiere mellom og kjenne til kva som karakteriserer ulike tradisjonelle animasjonsteknikkar
Ferdigheiter

Studentane skal ha grunnleggande ferdigheiter i å

  • lage papirdokker og sett for stop-motion-cut-out animasjon og animere desse
  • animere ei dokke
  • bruke kamera og tilhøyrande programvare for stop-motion animasjon
  • kunne gjennomføre eit mindre prosjekt gjennom bruk av tredimensjonal dataanimasjon
  • kunne animere digitale karakterar, og bygge og lyssette enkle kulissar i Autodesk Maya
  • kunne variere mellom ulike tradisjonelle animasjonsteknikkar
Generell kompetanse

Studentane skal kunne

  • jobbe sjølvstendig innanfor fagområdet
  • samarbeide i gruppe om eit prosjekt
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studentane blir undervist i teknikkar og programvare, og arbeider utifrå dette sjølv med praktiske animasjonsoppgåver. Arbeidet skjer både i gruppe og åleine, med rettleiar. I løpet av semesteret skal studentane ha gjennomført

  • animasjonsøvingar med dokke
  • eit kort prosjekt i 3d-dataanimasjon
  • eit kort prosjekt i stop-motion-cut-out-animasjon
  • animajonsøvingar i digital cut-out

Desse arbeida skal leverast i mappeeksamen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Andres Mänd
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
100
Mappa skal innehalde:

Animasjonsøvingar i stop-motion
Eit mindre prosjekt i tredimensjonal data-animasjon
Godkjent av: 
Kate Kartveit