Semestre

ANT263 Animasjonsteori 3: Animasjon og verda

Emnekode: 
ANT263
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
Eksamenssemester: 
2025 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk og engelsk
Forkunnskapskrav, emneliste
ANI161 Animasjon 1: Grunnprinsippa i animasjon - 2D/teiknefilm
ANT161 Animasjonsteori 1: Kva er animasjon?
ANT162 Animasjonsteori 2: Former for animasjon
Om emnet

I dette emnet drøftas spørsmål om korleis animasjon framstiller faktiske fenomen og påverkar oppfatninga vår av verda. Studentane blir kjende med døme, teoretiske omgrep og diskusjonar som problematiserer korleis animasjon inngår i ein større historisk, sosial og etisk røyndom.

I emnet drøftast ansvaret ein har som animatør i verda, og studentane lærer om teoriar som kan brukast for å analysera og tenkja kritisk om animasjon som røyndomsbearbeiding. Tema kan variera frå år til år, men inkluderer fenomen som animert dokumentar og spørsmål om dehumanisering og verdigheit.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten er forventa å

  • ha forståing for nokre teoretiske omgrep og diskusjonar som problematiserer korleis animasjon inngår i ein større historisk, sosial og etisk røyndom;
  • ha kunnskap om etiske implikasjonar ved animasjon som røyndomsframstilling;
  • ha kunnskap om historiske døme på animert dokumentar og propaganda.
Ferdigheiter

Studenten er forventa å kunna

  • døfta samanhengar mellom estetiske og etiske aspekt ved animasjon;
  • nytta teoretiske omgrep i analyse og drøfting av animasjon som røyndomsframstilling;
  • nytta faglitteratur i kritisk tenking om animasjon som framstillingsform og røyndomsframstilling.
Generell kompetanse

Studenten er forventa å kunna

  • sjå sitt fagområde frå eit kritisk og etisk perspektiv;
  • tenkja kritisk om sitt eiga og andres ansvar og rolla som animatør i samfunnet og verda.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet består hovudsakelig av forelesingar og seminar. Utover dette er det forventa sjølvstendig arbeid med pensum.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Endre Eidså Larsen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Animasjon - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Meir informasjon kjem ved semesterstart.
Alle
Fagtekst på 1000-3000 ord.
Godkjent av: 
Kate Kartveit