Semestre
ANT263 Animasjonsteori 3: Animasjon og verda
Korleis er animasjon med på å forme korleis vi oppfattar verda? Korleis framstiller animasjon faktiske fenomen i verda? Kva for etiske implikasjonar har desse framstillingane? Korleis har animasjon blitt brukt som dokumentarisk og propagandistisk medium? Dette er sentrale spørsmål i dette emnet, som rettar blikket mot animasjon som eit fenomen i den historiske og sosiale verda. I emnet drøftast ansvaret ein har som animatør i verda, og spørsmål knytt til animasjon som framstillingsform og ei sosial kraft i samfunnet.
Det kan vere variasjon i tema frå år til år, men gjennomgåande nøkkeltema er dokumentarisk animasjonsfilm og propaganda, framstillingsomgrep som stereotypi og klisje, og nasjonale og feministiske perspektiv på animasjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha kunnskap om
- teoretiske perspektiv på animasjon som ei sosial kraft i verda
- feministiske perspektiv på animasjon
- nasjonale perspektiv på animasjon
- animert dokumentar
- animasjon brukt som propaganda
- stereotypiar innan animasjon
Studentane skal evne
- å reflektere over relasjonen mellom animasjon og samfunnet
- å reflektere over relasjonen mellom animasjon, samfunnet og si eiga rolle som animatør
- å analysere korleis animasjonsfilm framstiller og tematiserer fenomen i verda
- å analysere og reflektere over kva som kjenneteiknar animert dokumentar
Studentane skal kunne
- sjå sitt fagområde frå eit kritisk og etisk perspektiv
- evne å tenke kritisk om si eiga rolle i storsamfunnet og verda
Gjennomføringa av emnet skjer i hovudsak i form av forelesingar og seminar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det blir lagt vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det blir også lagt opp til ein del sjølvstendig lesing av pensumlitteratur.
Studenten skal i løpet av semesteret levere ei skriftleg øvingsoppgåve. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på oppgåva.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
- Animasjon - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | Omlag 2500 ord |