Semesters
ANT263 Animasjonsteori 3: Animasjon og verda
I dette emnet drøftas spørsmål om korleis animasjon framstiller faktiske fenomen og påverkar oppfatninga vår av verda. Studentane blir kjende med døme, teoretiske omgrep og diskusjonar som problematiserer korleis animasjon inngår i ein større historisk, sosial og etisk røyndom.
I emnet drøftast ansvaret ein har som animatør i verda, og studentane lærer om teoriar som kan brukast for å analysera og tenkja kritisk om animasjon som røyndomsbearbeiding. Tema kan variera frå år til år, men inkluderer fenomen som animert dokumentar og spørsmål om dehumanisering og verdigheit.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten er forventa å
- ha forståing for nokre teoretiske omgrep og diskusjonar som problematiserer korleis animasjon inngår i ein større historisk, sosial og etisk røyndom;
- ha kunnskap om etiske implikasjonar ved animasjon som røyndomsframstilling;
- ha kunnskap om historiske døme på animert dokumentar og propaganda.
Studenten er forventa å kunna
- døfta samanhengar mellom estetiske og etiske aspekt ved animasjon;
- nytta teoretiske omgrep i analyse og drøfting av animasjon som røyndomsframstilling;
- nytta faglitteratur i kritisk tenking om animasjon som framstillingsform og røyndomsframstilling.
Studenten er forventa å kunna
- sjå sitt fagområde frå eit kritisk og etisk perspektiv;
- tenkja kritisk om sitt eiga og andres ansvar og rolla som animatør i samfunnet og verda.
Emnet består hovudsakelig av forelesingar og seminar. Utover dette er det forventa sjølvstendig arbeid med pensum.
Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Animation - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Assignment | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Meir informasjon kjem ved semesterstart. | Alle | Fagtekst på 1000-3000 ord. |