Semesters

ANT263 Animasjonsteori 3: Animasjon og verda

Course code: 
ANT263
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
10
Level of study: 
Specialization level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2022 Autumn
Assessment semester: 
2022 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite courses
ANI161 Animation 1: Basics of Animation - 2D/Cartoon
ANT161 Animation theory 1: what is animation?
ANT162 Animation theory 2: forms of animation
Course content

Korleis er animasjon med på å forme korleis vi oppfattar verda? Korleis framstiller animasjon faktiske fenomen i verda? Kva for etiske implikasjonar har desse framstillingane? Korleis har animasjon blitt brukt som dokumentarisk og propagandistisk medium? Dette er sentrale spørsmål i dette emnet, som rettar blikket mot animasjon som eit fenomen i den historiske og sosiale verda. I emnet drøftast ansvaret ein har som animatør i verda, og spørsmål knytt til animasjon som framstillingsform og ei sosial kraft i samfunnet.

Det kan vere variasjon i tema frå år til år, men gjennomgåande nøkkeltema er dokumentarisk animasjonsfilm og propaganda, framstillingsomgrep som stereotypi og klisje, og nasjonale og feministiske perspektiv på animasjon.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studentane skal ha kunnskap om

  • teoretiske perspektiv på animasjon som ei sosial kraft i verda
  • feministiske perspektiv på animasjon
  • nasjonale perspektiv på animasjon
  • animert dokumentar
  • animasjon brukt som propaganda
  • stereotypiar innan animasjon
Learning outcome skills

Studentane skal evne

  • å reflektere over relasjonen mellom animasjon og samfunnet
  • å reflektere over relasjonen mellom animasjon, samfunnet og si eiga rolle som animatør
  • å analysere korleis animasjonsfilm framstiller og tematiserer fenomen i verda
  • å analysere og reflektere over kva som kjenneteiknar animert dokumentar
Learning outcome qualification

Studentane skal kunne

  • sjå sitt fagområde frå eit kritisk og etisk perspektiv
  • evne å tenke kritisk om si eiga rolle i storsamfunnet og verda
Working and learning activities

Gjennomføringa av emnet skjer i hovudsak i form av forelesingar og seminar. Det vil bli gitt individuelle skriveøvingar med rettleiing. Det blir lagt vekt på å sjå animasjonsfilmar saman, diskutere filmopplevingane og snakke om teoretiske tema i lys av dette. Det blir også lagt opp til ein del sjølvstendig lesing av pensumlitteratur.

Studenten skal i løpet av semesteret levere ei skriftleg øvingsoppgåve. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på oppgåva.

Assessment requirements

Levere evaluering av emnet. Denne evalueringa skjer anonymt.

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
15
Person in charge: 
Endre Eidså Larsen
Used in other programs
  • Animation - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Days
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Alle
Omlag 2500 ord