Semestre

BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.

Emnekode: 
BLUPRA1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
-
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Practice/Pre-School Teacher Education 1, 35 days.
Emnenavn på bokmål: 
Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring i barnehagen 1.studieår er samordna med emneplanane for kompetanseområda lagt til 1. studieår: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL I), Natur, helse og rørsle (BLUNHR), og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE).Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert opplæring som gjer at dei startar førebuinga til det å verte barnehagelærar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda i 1. årssteg, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonsidentitet. Praksis skal vere rettleia og vurdert.

Læringsutbytte

Etter bestått praksis fyrste studieår skal studenten ha fylgjande læringsutbytte:KunnskaparStudenten• har kunnskapar om barnehagen sine styringsdokument og planverk• har kunnskap om at det er viktig å vise omsorg for enkeltbarn og barnegruppa• har kunnskap om profesjonsidentitet, yrkesetiske prinsipp og rettleiing• har kunnskap om bruk av didaktiske verktøy i det pedagogiske arbeidet• har kunnskap om barns leik, og læring gjennom leikFerdigheiterStudenten• kan bruke observasjon som grunnlag i det pedagogiske arbeidet• kan nytte didaktisk verktøy i det pedagogiske arbeidet• kan leie ei barnegruppe gjennom eit didaktisk/pedagogisk opplegg• kan leie ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av leiardagar• kan ta aktivt del i omsorgsfulle og læringsrike opplevingar med barn• kan vurdere, stimulere og støtte ulike barns allsidige utvikling i samarbeid med heimen, og ta omsyn til barns ulike bakgrunn og føresetnadGenerell kompetanseStudenten• har fått innsikt i kva det vil seie å utvikle eigen profesjonsidentitet og ha gode yrkesetiske haldningar• syner evne til å reflektere over eige barnesyn• syner evne til å leie andre gjennom samarbeid, kommunikasjon, motivasjon og rettleiing• syner evne til å gjere seg nytte av rettleiing• syner evne til aktiv deltaking i arbeidet i barnehagen

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile fyrste studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar.Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 35 dagar, fordelt på to bolkar.Før studenten kan ta til på praksis første studieår, skal han/ho levere politiattest og teiepliktskjema.I første praksisbolk skal studenten få erfaring med observasjon og med leiing av ei barnegruppe på grunnlag av tema «Leik og læring». Andre praksisbolk skal studentane få erfaring med mangfald og leiing av ei personalgruppe på grunnlag av tema som er «Mangfald, barn og samfunn». Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar.Faglærarane skal undervise i aktuelle emne relatert til praksisperioden før praksis.I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sine rutinar og innhald, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonsidentitet.Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ein praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale, der forventningar og mål for sjølvutvikling blir klargjort.Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell.Som ein del av førebuinga til praksis er det også krav om at studenten møter på generell praksisførebuing og til praksisførebuande møte.Samla fråvær for praksis kan ikkje overstige 10%.Viser her til § 4-6. Obligatorisk frammøte/deltaking i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.Vi viser til Praksishefte del I og II for Barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

-

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
100
Emnet inngår i følgande studieprogram