Semestre

BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.

Emnekode: 
BLUPRA1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
*
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Praksis skal bida til kontinuitet, samanheng, progresjon og ha ei klar forankring i kunnskapsområda. Emneplan for praksisopplæring 1. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i studieåret. Desse er: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL), Natur, helse og rørsle (BLUNHR) og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE). 

Praksis skal vere rettleidd, variert og vurdert.

Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, skal utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Studenten skal utvikle seg frå å være student til å bli ein profesjonsutøvar med barnehagefagleg handlingskompetanse.

Frå første studieår skal det vere tydleg for studenten at det å bli barnehagelærar inneber å ha pedagogisk leiaransvar. Å bli barnehagelærar er ein prosess som krev både fagleg kunnskap, analytisk refleksjon og praktisk erfaring. Studenten skal øve seg i å reflektere over både korleis teori og praksis spelar saman og kva etiske utfordringar barnehagekvardagen kan by på. Studenten skal oppmuntrast til å sjølv være pådrivar for utvikling av eigen profesjonskompetanse.

Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar.

I praksis 1. studieår skal ein ha fokus på observasjonsarbeid, didaktikk og leiing av barnegrupper og ei personalgruppe.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • barnehagen sine styringsdokument og planverk
  • observasjon og didaktiske modellar 
  • barns omsorgs-, leike- og læringsbehov og etablering og utvikling av gode relasjonar
  • barns språkutvikling
  • barns motoriske utvikling
  • samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn 
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
  • skape og ta aktivt del i gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
  • vise at han er ein god rollemodell for barna
  • vise ei begynnande evne til å leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar
  • vise ei begynnande evne til å la personalet og barna medverke i arbeidet
  • vise initiativ til å ta kontakt med føresette
  • vise initiativ til å søke og ta imot rettleiing 
Generell kompetanse

Studenten:

  • fanger og held på merksemda til ei gruppe med barn og legg til rette for variert leik og godt samspel i barnegruppa
  • viser initiativ og engasjement, og tek aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver
  • viser ei begynnande evne kritisk refleksjon over eige barnesyn og praksis, og over kva pedagogisk leiing har å seie i møte med barn og barnegrupper
  • viser ei begynnande evne til å utvikle ein profesjonell identitet  
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 35 dagar fordelt på to praksisbolkar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår, skal politiattest  levast og digitalt teiepliktskjema signerast til Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten delta på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.

I samråd med styrar i praksisbarnehagane og praksiskoordinator får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile første studieår. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden, og skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at praksislærar har rettleiiande samtalar med studenten i det daglege arbeidet.

Første praksisbolk skal ha vekt på observasjon, didaktisk arbeid, der ein særleg skal ha fokus på dei didaktiske kategoriane: innhald, barns forutsetninger, rammefaktorar og arbeidsmåtar. I den første bolka er ein opptatt av at  studenten skal skape relasjonar til barna i barnegruppa, saman med planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar for barn.

I andre praksisbolk skal studenten særleg fokusere på å vise at ein har utvikling i den didaktiske planlegginga. I rettleiing er det viktig at ein held fokuset på dei didaktiske kategoriane som i første bolk saman med: overordna mål, mål, innhald, evaluering/vurdering. Ein må sjølvsagt justere arbeidsmåtane og dersom det er store endringar i barns føresetnader og rammefaktorar. I denne praksisbolka skal studenten også ta med leiing av personalet i arbeidet sitt. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis i tillegg til arbeidskrav som er forankra i kunnskapsområda. Studenten må aktiv ta initiativ til kontakt med dei føresette.

I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn og barnehagelæraryrket.  Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i begge praksisbolkane skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort. 

Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er krav om 35 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.

Arbeidskrav:

  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUBULL
  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskra i tilknyting til emne BLUNHR
  • Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSRLE
  • Studenten skal studenten planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.

I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten munnlege tilbakemeldingar og  ha rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjennom heile praksis gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom  studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente og kravet om 100% frammøte må være stetta for å få karakteren stått i praksis. 

Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Studenten skal som hovudregel motta skjema 1, varsel om fare for ikkje stått i praksis, før karakteren kan setjast til ikkje stått. Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, kan studenten ikkje ta til på neste årssteg.

Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Hanne Elin Harnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Barnehagelærar - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
Stått eller ikkje stått
Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
Godkjent av: 
Arne Myklebust