Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
BLUPRA1 Praksis 1. årssteg, 35 dagar.
Ingen
Praksis er ein integrert del av alle kunnskapsområda i barnehagelærarautdanninga. Emneplan for praksisopplæring 1. studieår er samordna med emneplanane for kunnskapsområda i studieåret. Desse er: Barns utvikling, leik og læring (BLUBULL), Natur, helse og rørsle (BLUNHR), og Samfunn, religion, livssyn og etikk (BLUSRLE). Praksis skal sikre heilskap og samanheng mellom studia til studentane på utdanningsinstitusjonen, i praksisfeltet og i vekslinga mellom dei ulike læringsarenaene. Frå tidleg i utdanninga skal studentane oppleve ei integrert praksisopplæring som gjer at dei startar førebuinga til å verte barnehagelærar. Studenten skal gjennom planlegging, leiing og evaluering av pedagogiske aktivitetar få utvikle sine faglege, pedagogiske og didaktiske kunnskapar. Praksisopplæringa, saman med kunnskapsområda, vil utfordre studenten til å utvikle sin profesjonelle identitet. Praksis skal vere rettleidd og vurdert, og bidra til kontinuitet, samanheng og progresjon.
Praksisopplæringa skal heile tida ta omsyn til heilskapen i læringa for barna i barnehagen, og studentane skal ta omsyn til det barnegruppa har har arbeidd med før praksis når dei skal planlegge og gjennomføre sine aktivitetar. I praksis 1. studieår skal ein ha fokus på observasjonsarbeid, didaktikk og leiing av barnegrupper og ei personalgruppe.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- barnehagen sine styringsdokument og planverk
- observasjon og didaktiske modellar
- barns omsorgs-, leike- og læringsbehov
- barns språkutvikling
- barns motoriske utvikling
- samanhengar mellom individ, gruppe og samfunn
Studenten skal:
- vise evne til leiing av seg sjølv i møte med praksisbarnehagen
- skape og ta aktivt del i gode og omsorgsfulle relasjonar med barn
- vise at han er ein god rollemodell for barna
- vise ei begynnande evne til å leie ei barnegruppe og ei personalgruppe gjennom planlegging, gjennomføring og evaluering av pedagogiske aktivitetar og leiardagar
- vise ei begynnande evne til å la personalet og barna medverke i arbeidet
- vise initiativ til å ta kontakt med føresette
- vise initiativ til å søke og ta imot rettleiing
Studenten:
- greier å fange og halde på merksemda til ei gruppe med barn og legge til rette for variert leik og godt samspel i barnegruppa
- kan vise initiativ og engasjement, og ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver
- viser ei begynnande evne til å krititisk reflektere over eige barnesyn og eigen praksis, og over kva pedagogisk leiing har å seie i møte med barn og barnegrupper
- viser ei begynnande evne til å utvikle ein profesjonell identitet
Praksisopplæringa 1. studieår omfattar 35 dagar fordelt på to praksisbolkar. Før studenten kan ta til i praksis første studieår, skal han/ho levere politiattest og teiepliktskjema til Høgskulen i Volda. Som ein del av førebuinga til praksis skal studenten møte på generell praksisførebuing og praksisførebuande møte.
I samråd med styrar i praksisbarnehagane får studentane tildelt ein praksisbarnehage for heile første studieår. Som hovudregel skal kvar praksislærar ta imot to studentar. Praksislærar har ansvar for kvalitet og heilskap i praksisperioden. Han/ho skal framstå som ein tydeleg rettleiar og rollemodell. Praksislærar skal gi kvar student munnlege og skriftlege tilbakemeldingar og vurderingar med framovermeldingar undervegs og til slutt i praksis. Det er ein føresetnad at det også går føre seg rettleiiande samtalar i det daglege arbeidet mellom praksislærar og student.
Arbeidsmåtane i praksis varierer mellom observasjon, refleksjon, dokumentasjon, skriftleg og munnleg framstilling av fagkompetanse, didaktisk arbeid, deltaking og rettleiing med praksislærar. Studentane skal i tillegg til å gjere observasjonar vere deltakande i det daglege arbeidet saman med personalet i barnehagen. Første praksisbolk skal ha vekt på observasjon, didaktik arbeid og leiing av ei barnegruppe. I andre praksisbolk skal studenten også ta med leiing av personalet i arbeidet sitt. Studenten skal gjennomføre leiardagar i praksis.
I praksis skal studenten gjennom aktiv deltaking gjere seg kjend med barnehagen sin struktur, og med barn, foreldre og personale. Studenten skal ta aktivt del i barnehagen sine arbeidsoppgåver og vise initiativ og engasjement i høve barn, foreldre og personale. Studenten skal vere aktiv i rettleiingstimane og reflektere over eige barnesyn, barnehagelæraryrket og profesjonell identitet. Alle dokument som omhandlar praksis og praksisbarnehagen, samt studenten sine skriftelege oppgåver, skal samlast i ei praksismappe. Tidleg i praksis skal studenten gjennomføre ein forventningssamtale med praksislærar, der forventningar til seg sjølv og praksislærar, medstudentar, praksisbarnehagen og praksisperioden blir klargjort.
Vi viser til praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved HVO for meir informasjon.
Frammøtekrav:
Det er krav om 35 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis.
Arbeidskrav:
Det kan forekomme at dei praktiske arbeidskrava vil ha innhald frå meir enn eit av kunnskapområda.
- Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUBULL
- Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskra i tilknyting til emne BLUNHR
- Studenten skal gjennomføre prakstisk arbeidskrav i tilknyting til emne BLUSRLE
- Som arbeidskrav skal studenten planlegge, leie og evaluere leiardagar med utgangspunkt i barnehagen si dagsrytme og overordna planar.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrit om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
I praksis skal det skje ei kontinuerlig vurdering av studenten si evne til å meistre si framtidige rolle som barnehagelærar. Praksislærar skal i løpet av praksis gje studenten tilbakemeldingar og ei munnleg, rettleiande undervegsvurdering av arbeidet frå dag til dag. På slutten av første praksisbolk skal kvar student i tillegg motta ei skriftleg undervegsvurdering. Etter andre praksisbolk skal studenten motta ei skriftleg sluttvurdering med karakteren stått/ikkje stått. Dei skriftlege vurderingane skal leggjast fram for studenten, og studenten skal saman med praksislærar signere for at informasjon om vurderinga er gitt. Vurderingane skal vere læringsfremjande, og vere studenten sitt grunnlag for vidare utvikling. Praksislærar har hovudansvar for å gje vurderinga. Faglærar og styrar skal trekkast inn i vurderinga. Praksislærar skal gjere løpande skikkavurdering, og gi tilbakemeldingar dersom studenten viser manglar. Manglar på dette område kan vere grunnlag for karakteren ikkje stått. Alle arbeidskrava i praksis skal vere gjennomførte og godkjente for å få karakteren stått i praksis. I tillegg må kravet om 100% frammøte vere stetta.
Følgjande retningsliner skal praktiserast i samband med karakteren ikkje stått i praksis: Dersom ein student får karakteren ikkje stått i praksis eitt av studieåra, må studenten gjennomføre ein ny praksisperiode etter avtale med praksiskoordinator. Studenten skal få særskild rettleiing av ein annan praksislærar på det området/dei områda studenten har vist manglar. Praksislærar skal vere kjend med vurderinga frå perioden med ikkje stått, for å rettleie mest mogleg spesifikt på det studenten treng øving i. Får studenten ikkje stått også i denne ekstra praksisperioden, kan studenten ikkje ta til på neste årssteg.
- Barnehagelærar - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praksis | Individuell | Stått eller ikkje stått | Det vert utarbeid eige vurderingsskjema i samband med praksisgjennomføringa. Sjå meir utfyllande informasjon i praksishefte for barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. |