Semestre
DKL113N Digital endring og utvikling i skulen
Ingen.
DKL113N har fokus på bruk av arbeidsmåtar og digitale verktøy i eit samfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Samfunnet er i kontinuerleg endring og utvikling, og når samfunnet endrar seg får skulen nye oppgåver. Målet for skuleutvikling er å gjere skulen betre for elevane og legge til rette for gode læreprosessar. Studiet gir lærarar, skuleleiarar, IKT-ansvarlege og andre som har sitt daglege virke i skuleorganisasjonar verkty for å løyse utfordringar. Studentane vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra på korleis og kvifor skulen bør drive utviklingsarbeid (inkludert bruk av IKT), og kva for faktorar som kan fremje eller hemme ei ønska skuleutvikling. Studiet har tett fagleg oppfølging med tilbakemeldingar og diskusjonar, og med moglegheit for samarbeid eller individuelt læringsarbeid etter eige ønske.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- kunnskap om lærarar og skuleleiarar si rolle i endrings- og utviklingsprosessar·
- kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar i skulen
- kunnskap om skulen som organisasjon, skulen som kulturell eining og kva for innverknad skulekulturen har på vilkåra for endring
- kunnskap om skulen og læraren sitt handlingsrom
- kunnskap om individuell og kollektiv utvikling i skulen
Studenten skal kunne:
- identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
- planlegge og rettleie i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
- reflektere kring samanhengen mellom skulekultur og endrings- og utviklingsarbeid
- reflektere over ein planlagt og gjennomført utviklingsprosess
Studenten skal kunne:
- planlegge, gjennomføre og evaluere utviklingsprosessar i eigen organisasjon og eige klasserom
Nettbasert læringsarbeid.
Vilkår for å framstille seg til eksamen er to godkjende arbeidskrav gjennom semesteret. Omfanget av desse arbeidskrava utgjer til saman ca 8000 ord.
Arbeidskrava vil inngå i eksamensmappa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
Kr. 4.000,-
- Digital kompetanse i læring, opne emne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal levere ei vurderingsmappe med eit utval av arbeida frå semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk. |