Semestre

DR113 Inn i teaterhistoria

Emnekode: 
DR113
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Vår
Eksamenssemester: 
2016 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Inn i teaterhistoria har fokus på å gje ei grunnleggjande forståing av teaterfaget si historie, med vekt på det europeiske teatret frå antikken og opp til vår eiga tid. Emnet skal også gje ei innføring i analyse av dramatekster knytt til ulike teaterhistoriske periodar, samt kunnskap om dei grunnleggjande fagdidaktiske problemstillingane i teatervitskapen. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg vidare for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule og som utøvar i det frie kulturlivet. Emnet kan takast som ein del av eit bachelorstudium, års- eller halvårsstudium eller som eit sjølvstendig emne.

Læringsutbytte

-

Kunnskapar

Kandidaten har generell kunnskap om teatret si utvikling i Europa fra antikken til i dag grunnleggjande kunnskap om tekstanalyse og fagdidaktiske problemstillingar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttiggjere seg teoretisk kunnskap og gjere greie for samanhengane i teaterhistoria kan setje teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
  • har grunnleggjande ferdigheiter i kritisk lesing og analyse.  
Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav

  • Ei skriftleg teaterhistoriskanalyse på om lag 2000 ord

  • Ein praktisk og teoretisk epoke-workshop i gruppe

Oppmøtekrav 80 %, ref. til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100