Semesters
DR113 Inn i teaterhistoria
Ingen
Inn i teaterhistoria har fokus på å gje ei grunnleggjande forståing av teaterfaget si historie, med vekt på det europeiske teatret frå antikken og opp til vår eiga tid. Emnet skal også gje ei innføring i analyse av dramatekster knytt til ulike teaterhistoriske periodar, samt kunnskap om dei grunnleggjande fagdidaktiske problemstillingane i teatervitskapen. Emnet har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og vil vere med å kvalifisere deg vidare for arbeid som drama- og teaterpedagog i skule og kulturskule og som utøvar i det frie kulturlivet. Emnet kan takast som ein del av eit bachelorstudium, års- eller halvårsstudium eller som eit sjølvstendig emne.
-
Kandidaten har generell kunnskap om teatret si utvikling i Europa fra antikken til i dag grunnleggjande kunnskap om tekstanalyse og fagdidaktiske problemstillingar
Studenten
- kan nyttiggjere seg teoretisk kunnskap og gjere greie for samanhengane i teaterhistoria kan setje teaterframsyningar inn i ein historisk kontekst.
- har grunnleggjande ferdigheiter i kritisk lesing og analyse.
-
Undervisinga er obligatorisk og vil ha ulike former som praktisk/kunstnarisk arbeid, temaseminar, førelesing, prosjektarbeid, framføring, sjølvstudium, rettleiing. Skriftleg dokumentasjon i form av rapportar, prosess/produktevaluering, scenarier, oppgåveskriving mm, vert knytt til både det praktiske og teoretiske arbeidet.
Arbeidskrav
Ei skriftleg teaterhistoriskanalyse på om lag 2000 ord
Ein praktisk og teoretisk epoke-workshop i gruppe
Oppmøtekrav 80 %, ref. til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Written Exam | Individual | 6 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |