Semestre

ENG143N Fonetikk og variantar av engelsk

Emnekode: 
ENG143N
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Vår
Eksamenssemester: 
2019 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei teoretisk innføring i det engelske lydsystemet, samt innsikt i og kunnskap om språkleg variasjon i det engelske språket, samtidig og historisk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

- engelske språklydar og korleis dei blir artikulert

- lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk

- overgripande strukturar i samanhengande engelsk tale

- engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar

- dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale

- nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie

- nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

- identifisere og uttale engelske språklydar

- lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard

- skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val

- identifisere og analysere overhengande strukturar i samanhengande engelsk tale

- identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen

- identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk

- identifisere nokre variantar av engelsk

- identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte, og anvende dei på nytt språkmateriale og i nye situasjonar.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer i form av nettleksjonar. Desse vil bestå av skriftlege og/eller munnlege leksjonar som vert lagt ut på nettportalen Canvas slik at studentane kan nytte dei når dei sjølv ønskjer det. Undervisinga vil også bestå av oppgåveskriving/munnlege arbeidskrav med tilbakemelding.Studentane må vere i stand til å levere lydfiler, dei må difor ha tilgang til datamikrofon eller anna digitalt opptaksutstyr.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Kvar student må levere inn tre – 3 – øvingar i engelsk fonetikk og variantar av engelsk, som alle må vere godkjende for at ein kan gå opp til eksamen. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav, får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre arbeidskravet. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.

To av oppgåvene skal leverast med lydfiler.

Sensorordning
Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Kjetil Arve Myskja
Vibeke Jensen
Alen Lemajic
Studieavgift

Emnet har studieavgift på kr. 4000.

Ved desentralisert skriftleg skuleeksamen kr 1500 i eksamensavgift. Alternativt kan studentane velje å ta eksamen ved Høgskulen i Volda utan avgift.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
66
Alle
Mappa skal innehalde to av dei obligatoriske arbeidskrava med rettingar og refleksjonsnotat.
Digital eksamen
Individuell
3 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
34
Alle