Semestre

ENG143N Fonetikk og variantar av engelsk

Emnekode: 
ENG143N
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei teoretisk innføring i engelsk fonetikk og fonologi, med fokus på lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk. Studenten skal bruke teknisk terminologi for å beskrive og analysere engelsk uttale, samt lære å lese og produsere fonemiske transkripsjonar. Emnet utforskar i tillegg ulike samtidige og historiske variantar av engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

- engelske språklydar og korleis dei blir artikulert

- lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk

- dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale

- strukturar i samanhengande engelsk tale

- nokre vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk

- engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar

- nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie

- nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

- identifisere og uttale engelske språklydar

- lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard

- skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val

- identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale

- identifisere og analysere strukturar i samanhengande engelsk tale

- identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk og framandspråk

- identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen

- identifisere nokre variantar av engelsk

- identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten: 

- bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte

- andvende desse kunnskapane og ferdigheitene på nytt språkmateriale og i nye situasjonar

- forstå ulike variantar av skriftleg engelsk (til dømes epost, jobbsøknader og akademiske essay) og korleis dei kan nyttast i ulike situasjonar

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein til to nettleksjonar i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler; nokre av leksjonane har oppgåver. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen må studenten levere og få godkjent eitt munnleg og to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Lengda på desse arbeidskrava er avhengig av kva type oppgåver som blir fastsett av emneansvarleg. Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis to arbeidsdagar). Alle dei tre oppgåvene skal leverast digitalt i Canvas (det munnlege arbeidskravet skal leverast som lydfil).

 

Sensorordning
Maksimumstal: 
100
Emneansvarleg: 
Vibeke Jensen
Gloria Otchere
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
  • Historie - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Godkjent av: 
Arne Myklebust