Semestre
ENG143N Fonetikk og variantar av engelsk
Ingen
Emnet gir ei teoretisk innføring i det engelske lydsystemet, samt innsikt i og kunnskap om språkleg variasjon i det engelske språket, samtidig og historisk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap om:
- engelske språklydar og korleis dei blir artikulert
- lydsystema til to engelske standardvariantar, ein britisk og ein amerikansk
- overgripande strukturar i samanhengande engelsk tale
- engelske intonasjonsmønster og deira funksjonar
- dei viktigaste skilnadene mellom britisk og amerikansk uttale
- nokre hovudtrekk i engelsk språkhistorie
- nokre geografiske, sosiale og historiske variantar av engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- identifisere og uttale engelske språklydar
- lese fonemiske transkripsjonar i britisk og amerikansk standard
- skrive fonemiske transkripsjonar i britisk eller amerikansk standard etter eige val
- identifisere og analysere overhengande strukturar i samanhengande engelsk tale
- identifisere og bruke engelske intonasjonsmønster som høver til kommunikasjonssituasjonen
- identifisere og diskutere dei vanlegaste skilnadene mellom britisk og amerikansk tale
- identifisere og korrigere vanlege problem i uttale av engelsk som andrespråk
- identifisere nokre variantar av engelsk
- identifisere geografiske og diakrone lydvariasjonar
Etter fullført emne kan studenten bruke kunnskapar og ferdigheiter knytt til engelsk fonetikk og variantar av engelsk på ein sjølvstendig måte, og anvende dei på nytt språkmateriale og i nye situasjonar.
Undervisinga skjer i form av nettleksjonar. Desse vil bestå av skriftlege og/eller munnlege leksjonar som vert lagt ut på nettportalen Canvas slik at studentane kan nytte dei når dei sjølv ønskjer det. Undervisinga vil også bestå av oppgåveskriving/munnlege arbeidskrav med tilbakemelding. Studentane må vere i stand til å levere lydfiler, og må difor ha tilgang til datamikrofon eller anna digitalt opptaksutstyr.
Kvar student må levere inn tre – 3 – øvingar/oppgåver i engelsk fonetikk og variantar av engelsk (ordtal ikkje relevant), som alle må vere levert for at ein kan gå opp til dei endelege eksamenane. Oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart.
Minst ei av oppgåvene skal leverast med lydfil (i tillegg til skriftleg tekst).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle |