Semestre
ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske hendingar, sosial og kulturell utvkling og litterære tekstar, og gjev studenten ferdigheitene dei treng for å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
Erfaring med å lese lengre litterære tekstar på engelsk, samt ein god karakter i engelsk frå vidaregåande skule, vil vere ein fordel.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kunnskap om grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
- har kunnskap om eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
- har kunnskap om samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
- har kunnskap om grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
- har kunnskap om korleis ein skriv gode akademiske tekstar på engelsk
Studenten:
- kan analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
- kan analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse
- kan analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk
- kan nytte digitale ressursar for å auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
- kan skrive strukturelt og stilistisk gode akademiske essay på engelsk
Studenten:
- kan analysere, vurdere og framstille informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
- kan skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
- kan diskutere engelsk litteratur, kultur og samfunn på ein måte som syner kunnskap og formuleringsevne
Det vert lagt opp til undervisning kvar veke. Den skjer i form av førelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Frammøtekrav
Studenten skal delta aktivt på minimum 75% av all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent tre arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:
1. eit kultur- og samfunnsarbeidskrav, anten eit skriftleg arbeid (1000 ord) eller ein munnleg presentasjon (emneansvarleg avgjer kva type arbeid)
2. eit litteraturessay (1500 ord)
3. delta på eit to-vekers studieopplegg arrangert av Det norske studiesenteret i York, Storbritannia. Studentar som ikkje kan delta må søkje om dispensasjon frå kravet og i staden fullføre eit alternativt arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort tidleg i semesteret.
Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |