Semestre
ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske kjelder, litterære tekstar og andre relevante artefaktar, og gjer studenten ferdigheitane dei treng for å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap og forståing om:
- grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
- eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
- samspelet mellom sosialhistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
- grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
- korleis ein skriv gode akademiske tekstar på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
- analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse (i sær nærlesing og samanlikning)
- analysere og evaluere døme på samspelet mellom sosialhistorie og kunstnariske uttrykk, ved hjelp av normerte metoder
- nytte digitale resursar for auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
- skrive strukturelt og stilistisk kompetente akademiske tekstar på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- kritisk og koherent analysere, vurdere og framstille informasjon
- skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
Undervisninga skjer i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid.
Studenten må levere dei følgande arbeidskrava innan oppsette tidsfristar for å kunne framstille seg til eksamen:
- Ei analyse på 1000 ord av ei eller to historiske kjelder, der dei vurderer framstillinga av ei bestemt hending eller periode ved bruk av historisk-analytisk metode.
- Ein analyse på 2000 ord av to eller fleire litterære tekstar ved hjelp av normerte metoder for litteraturkritikk. Denne kan dreie seg om å tolke og vurdere spesifikke eksempel på samspelet mellom sosialhistorie og kunstnariske uttrykk.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York, Storbritannia, er ein obligatorisk del av studiet. Studentar som etter individuell grunngitt søknad får fritak frå dette kravet, må i staden presentere ei oppgåve eit emne som er gjeve av faglærar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i religion og livssyn
- Engelsk - årsstudium
- Engelsk - årsstudium (deltid)
- Historie - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Om eit samfunns- og historieemne | ||
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Om eit kulturelt/litterært emne | 2000 ord |