Semestre

ENG144 Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Emnekode: 
ENG144
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Literature, Culture and Society before 1900
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn før 1900 frå britisk og amerikansk område, samt andre delar av verda. Emnet er delt inn i ulike tema som kombinerer litteratur og kulturkunnskap: Hovudtyngda av emnet vil vere arbeid med dei litterære tekstane og med kunnskap om kulturelle forhold og historie frå engelskspråklege land. Ei rekkje litterære sjangrar vil vere representert, og studentane vil også bli introdusert for litterære termar og teknikkar for litterær og kulturell analyse. Sentralt i kurset er eit fokus på korleis nye idear og verdsbilete påverkar litteratur og kunst, og vice versa, i perioden før 1900.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

  • aspekt ved historie og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land før 1900
  • aspekt ved samspelet mellom sosialhistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • formelle og tematiske særtrekk ved litterære sjangrar og historiske, sosiale, økonomiske og kulturelle trendar før 1900 
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og tolke litterære tekstar på engelsk før 1900 ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • vurdere og tolke signifikansen av politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land før 1900
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • finne og nytte pålitelege kjelder
  • skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
  • bruke kunnskapar og ferdigheiter med ein viss grad av på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer i form av forelesingar, diskusjonar, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjent for at ein kan gå opp til eksamen: eit nærlesingsessay på omlag 1000 ord og eit semesteressay på om lag 2000 ord om eit kulturelt og/eller litterært emne frå eit engelskspråkleg land. For nærlesingsessayet er studentane pliktige til å lese og kommentere kvarandre sine essay. For det lengre essayet vil kvar student få ei - 1 - tilbakemelding frå faglærar, føresett at studenten leverer essayet innan oppsett frist. Studenten har høve til å levere ein ny versjon av essayet etter å ha fått tilbakemelding, dersom essayet ikkje vert godkjent. 

Eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i Storbritannia, York er ein obligatorisk del av studiet. Studentar som etter individuell grunngitt søknad får fritak frå dette kravet, må i staden halde ein munnleg presentasjon over eit emne som er gjeve av faglærar.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
60
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Timothy Saunders
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelorgradsstudium i religion og språk
  • Engelsk - årsstudium
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
2 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3