Semestre

ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900

Emnekode: 
ENG144N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Literature, culture and Society before 1900
Emnenavn på bokmål: 
Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

English version of the course plan https://ny.emweb.no/hivolda/en/node/3522

Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn før 1900 frå britisk og amerikansk område, samt andre delar av verda. Emnet er delt inn i ulike tema som kombinerer litteratur og kulturkunnskap: Hovudtyngda av emnet vil vere arbeid med dei litterære tekstane og med kunnskap om kulturelle forhold og historie frå engelskspråklege land. Ei rekkje litterære sjangrar vil vere representert, og studentane vil også bli introdusert for litterære termar og teknikkar for litterær og kulturell analyse. Sentralt i kurset er eit fokus på korleis nye idear og verdsbilete påverkar litteratur og kunst, og vice versa, i perioden før 1900.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

  • aspekt ved historie og samfunn i Storbritannia, USA og andre engelskspråklege land før 1900
  • aspekt ved samspelet mellom sosialhistorie, litteratur, kunst og kultur i denne perioden
  • formelle og tematiske særtrekk ved litterære sjangrar og historiske, sosiale, økonomiske og kulturelle trendar før 1900  
Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

  • analysere og tolke litterære tekstar på engelsk før 1900 ved bruk av normerte metodar for litterær kritikk
  • vurdere og tolke signifikansen av politiske og historiske hendingar i engelskspråklege land før 1900
Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

  • finne og nytte pålitelege kjelder
  • skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer i form av nettleksjonar og diskusjonar over nett. Nettleksjonane vil vere ein kombinasjon av munnlege og/eller skriftlege førelesingar, inngåande studie av både primærkjelder og sekundærkjelder, og kortare oppgåver. Alt dette materiellet vil bli publisert på Internett, slik at studentane kan nytte dette når dei sjølv ønskjer det. Kurset inneheld også skriving av essays/arbeidskrav med individuell tilbakemelding.

Studenten må delta på minst 1 samtalegruppe på nett.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere to arbeidskrav som må vere godkjent for at ein kan gå opp til eksamen:

  • eit nærlesingsessay på om lag 1000 ord
  • eit semesteressay på om lag 2000 ord om eit kulturelt og/eller litterært emne frå eit engelskspråkleg land.

    For nærlesingsessayet er studentane pliktige til å lese og kommentere kvarandre sine essay. For det lengre essayet vil kvar student få ei - 1 - tilbakemelding frå faglærar, føresett at studenten leverer essayet innan oppsett frist. Studenten har høve til å levere ein ny versjon av essayet etter å ha fått tilbakemelding, dersom essayet ikkje vert godkjent.

          Eit siste arbeidskrav er deltaking i minst ein  diskusjon over nett.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

 Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
120
Emneansvarleg: 
Timothy Saunders
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - årsstudium (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Digital eksamen
Individuell
2 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Heimeeksamen
Individuell
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3