Semestre
ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske hendingar, sosial og kulturell utvkling og litterære tekstar, og gjev studenten ferdigheitene dei treng for å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap og forståing om:
- grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
- eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
- samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
- grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
- korleis ein skrive gode akademiske tekstar på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
- analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse
- analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk, ved hjelp av normerte metoder
- nytte digitale ressursar for auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
- skrive strukturelt og stilistisk kompetente akademiske tekstar på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere, vurdere og framstille informasjon på ein kritisk og samanhengande måte
- skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
- diskutere engelsk litteratur, kultur og samfunn på ein måte som syner kunnskap og formuleringsevne
Undervisinga skjer over nett på læringsplattforma Canvas. Det vert publisert ein nettleksjon i veka, som studentane kan studere når dei har høve. Kvar leksjon tek føre seg eit bestemt tema og kombinerer skriftleg innhald, lyd og videofiler, samt diskusjonsforum. Det vert også halde nokre synkrone seminar på Zoom (desse er ikkje obligatoriske), og det er difor viktig at studentane har tilgong til datamikrofon og web-kamera.
For å kunne gå opp til eksamen må studenten også fullføre og få godkjent to skriftlege arbeidskrav innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart:
1. eit samfunns- og historiearbeidskrav (1000 ord)
2. eit litteraturessay (1500 ord)
Ein student som får underkjent eit arbeidskrav får normalt eitt nytt forsøk på å fullføre dette (vanlegvis med kort frist).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Historie - bachelor (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamen består av tre delar: ei 1000-ord samfunns- og historieoppgåve (34%); ei kortsvarprøve om litteratur (33%); og eit 1500-ord litteraturessay (33%). Tema for litteraturessayet vert publisert på Canvas ei veke før eksamen. |