Semestre
ENG144N Litteratur, kultur og samfunn før 1900
Ingen
Emnet gir ei innføring i engelskspråkleg litteratur, kultur og samfunn frå middelalderen fram til slutten av 1800-talet. Det omfattar eit representativt utval av historiske kjelder og litterære tekstar, og gjev studentane ferdigheiter til å forstå, analysere og vurdere dette materialet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten kunnskap og forståing om:
- grunnleggande hendingar, utvikling og trekk ved historia til Storbritannia, Det britiske imperiet og Dei sameinte statane fram til 1900
- eit representativt utval av viktige litterære tekstar, sjangrar og kunstnariske røyrsler i den engelskpråklege verda fram til 1900
- samspelet mellom samfunnshistorie, litteratur, kunst og kultur i dette området før 1900
- grunnleggande metoder for litterær, kulturell og historisk tolking
- korleis ein skrive gode akademiske tekstar på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere historiske kjelder og vurdere biletet dei skapar av ei bestemt hending eller ein bestemt periode, ved bruk av grunnleggande metoder for historisk analyse
- analysere og vurdere litterære tekstar frå før 1900 ved hjelp av normerte metoder for litterær analyse (i sær nærlesing og samanlikning)
- analysere og evaluere døme på samspelet mellom samfunnshistorie og kunstnariske uttrykk, ved hjelp av normerte metoder
- nytte digitale ressursar for auke evna til å forstå, tolke og vurdere litteratur, kultur og samfunn i den engelskspråklege verda før 1900
- skrive strukturelt og stilistisk kompetente akademiske tekstar på engelsk
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere, vurdere og framstille informasjon på ein sjølvstendig og kritisk måte
- skrive overtydande og effektivt på akademisk engelsk
Undervisninga går føre seg på nett, på læringsplattforma Canvas, og kombinerer tekst, bilete, lyd og video, samt diskusjonsforum og andre interaktive element. Leksjonane blir gjort tilgjengeleg om lag ein gong i veka og studenten kan studere dei ved høve. I tillegg må studenten utføre to arbeidskrav innan oppsette fristar.
Studenten må levere dei følgande arbeidskrava innan oppsette tidsfristar for å kunne framstille seg til eksamen:
- Ei analyse på 1000 ord av ei eller to historiske kjelder, der dei vurderer framstillinga av ei bestemt hending eller periode ved bruk av historisk-analytisk metode.
- Ein analyse på 2000 ord av to eller fleire litterære tekstar ved hjelp av normerte metoder for litteraturkritikk. Denne kan dreie seg om å tolke og vurdere spesifikke eksempel på samspelet mellom sosialhistorie og kunstnariske uttrykk.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - årsstudium (nettstudium)
- Engelsk - årsstudium (nettstudium, deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Om eit historie- og samfunnsemne | ||
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Om eit litterært/kulturelt emne | 2000 ord |