Semestre
ENG1A-510KFK Engelsk 1A (5-10)
Ingen
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og innsikt i kulturelle og samfunnsmessige forhold i heile den engelskspråklege verda. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Engelsk blir sett i eit kulturelt perspektiv, og studenten får kjennskap til moderne engelskspråkleg populærkultur. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt, spesielt med fokus på problematikk knytt til overgangen mellom årsstega. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Språk:
- Studenten har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- Studenten har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
Didaktikk:
- Studenten har kunnskap om fagplanen i engelsk i Kunnskapsløftet (LK06) Studenten har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framandspråkperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- Studenten har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
- Studenten har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
Kultur:
- Studenten kjenner kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved heile den moderne engelskspråklege verda
- Studenten har innsikt i populærkultur, film, sport, tradisjonar og musikk frå heile den engelskspråklege verda
Språk:
- Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- Studenten kan bruke kunnskap om engelsk grammatikk til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
Didaktikk:
- Studenten kan legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i fagplanen i engelsk, teori og eiga erfaring og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
- Studenten kan planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa
- Studenten kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar og grunngje vurderingane
- Studenten kan utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar
Kultur:
- Studenten kan gjere greie for kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
- Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturutrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur
- Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to 2-dagarssamlingar i Volda. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane.
Studenten skal levere tre arbeidskrav, i:
- Språk
- Didaktikk
- Kultur
To av arbeidskrava skal vere skriftlege, eitt skal vere munnleg. Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Emnet vert evaluert i tråd med høgskulen sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 6-timars skriftleg netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. | 6-timars skriftleg netteksamen |