Semestre
ENG1A-510KFK Engelsk 1A (5-10)
Ingen
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og innsikt i kulturelle og samfunnsmessige forhold i fleire deler av den engelskspråklege verda. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Engelsk blir sett i eit kulturelt perspektiv, og studenten får kjennskap til moderne engelskspråkleg litteratur, kultur (inkludert populærkultur) og historie frå fleire deler av den engelskspråklege verda. Studenten får innsikt i praktiske metodar for å utvikle undervisningmateriale og formidle dette i klasserommet. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt, spesielt med fokus på overgangen frå barne til ungdomsskule. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar, inkludert tverrfagleg arbeid der studenten kan trekke vekslar på eiga undervisningserfaring i andre fag. Deltaking på studium innan Kompetanse for Kvalitet-programmet vil også innebere kunnskapsdeling med kollegaer.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studenten
- har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk, og grunnleggande fleirspråkleg perspektiv på desse områda
- har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
- har kunnskap om fagplanen i engelsk i gjeldande læreplanar
- har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framandspråkperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
- har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
- kjenner utvalde kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved den moderne engelskspråklege verda
- har innsikt i litteratur, kultur og populærkultur, film, tradisjonar og musikk frå fleire deler av den engelskspråklege verda, hovudsakleg retta mot barn og ungdom
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- bruke normer for akademisk skriving
- bruke kunnskap om engelsk grammatikk til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
- legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i fagplanen i engelsk, teori og eiga erfaring og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
- planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa
- vurdere elevane si måloppnåing gjennom både formativ og summativ vurdering, med og utan karakterar, og grunngje vurderingane
- utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar
- gjere greie for utvalde kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
- leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturutrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur
Studenten kan
- formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- nytte kjelder etisk og kritisk
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to 2-dagarssamlingar i Volda og ei vekesamling i York. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Studentar som ikkje har høve til å delta på vekesamlinga i York, kan kompensere for dette med ei ekstra innlevering. Vi oppmodar om at det frå arbeidsgjevar si side vert lagt til rette for at deltakarane får delta på all undervising.
Frammøtekrav:
Obligatorisk frammøte på samlingane og på studietur til York.
Arbeidskrav:
Studenten skal gjennomføre:
- Eit skriftleg arbeidskrav i Språk (ordtal ikkje relevant)
- Ei skriftleg oppgåve i Didaktikk (1500 ord)
- Eit skriftleg og munnleg arbidskrav i Kultur (kort refleksjonsnotat og munnleg presentasjon)
Sjå elles tilleggsmerknad om samlinga i York over. Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 2 dagars skriftleg heimeeksamen/netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. |