Semestre
ENG1A-510KFK Engelsk 1A (5-10)
Ingen
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og innsikt i kulturelle og samfunnsmessige forhold i fleire deler av den engelskspråklege verda. Emnet omfattar kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Engelsk blir sett i eit kulturelt perspektiv, og studenten får kjennskap til moderne engelskspråkleg kultur (inkludert populærkultur) og historie frå fleire deler av den engelskspråklege verda. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt, spesielt med fokus på problematikk knytt til overgangen mellom årsstega. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne
Studenten
- har grunnleggande kjennskap til engelsk grammatikk med vekt på ordklasser, ordforråd og syntaks, og til skilnader og likskapar mellom norsk og engelsk på desse områda
- har kjennskap til sjangrar og dei sentrale kjenneteikna deira, stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar
- har kunnskap om fagplanen i engelsk i gjeldande læreplanar
- har kunnskap om barn og unge si språklæring i eit framandspråkperspektiv, om språklæringsteoriar, metodar og strategiar
- har innsikt i arbeidet med å vidareutvikle dei grunnleggjande ferdigheitene og legge til rette for progresjon i overgangen mellom barne- og ungdomssteget
- har kjennskap til korleis ein kan tilpasse språkopplæringa til einskildeleven
- kjenner utvalde kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved den moderne engelskspråklege verda
- har innsikt i populærkultur, film, sport, tradisjonar og musikk frå fleire deler av den engelskspråklege verda, hovudsakleg retta mot ungdom
Studenten kan
- bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg, tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
- bruke normer for akademisk skriving
- bruke kunnskap om engelsk grammatikk til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
- legge til rette for eit trygt læringsmiljø med variert, differensiert og meiningsfylt læringsarbeid som er forankra i fagplanen i engelsk, teori og eiga erfaring og som fremjar vidareutviklinga av dei grunnleggjande ferdigheitene for alle elevar
- planlegge, leie og vurdere elevane sitt læringsarbeid på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i gruppa
- vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar og grunngje vurderingane
- utøve ein heilskapleg vurderingspraksis og legge til rette for elevane si sjølvstendige språklæring ved å gjere dei medvetne om val av læringsstrategiar
- gjere greie for utvalde kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
- leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturutrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur
Studenten kan
- formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
- reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
- arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
- nytte kjelder etisk og kritisk
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, og to samlingar i Volda (ei på tre dagar og ei på to dagar) og ei vekesamling i York. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Studentar som ikkje har høve til å delta på vekesamlinga i York, kan kompensere for dette med ei ekstra innlevering.
Studenten skal gjennomføre arbeidskrav i:
- Språk (ordtal ikkje relevant)
- Didaktikk (1500 ord)
- Kultur (munnleg presentasjon)
Sjå elles tilleggsmerknad om samlinga i York over. Oppgåvene skal leverast til fastsett frist. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje fyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Engelsk 1 for 5. -10. årstrinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Digital eksamen. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell 2 dagars skriftleg heimeeksamen/netteksamen. Eksamen vil vere ei prøve av både pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir. |