Semesters

ENG1B-510KFK Engelsk 1B (5-10)

Course code: 
ENG1B-510KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2017 Spring
Assessment semester: 
2017 Spring
Language of instruction: 
English
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Emnet er andre del av studiet Engelsk 1 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet. Emnet gir ei innføring i språklæring og fagdidaktikk, og introduserer eit rikt utval av tekstar både til personleg og fagleg vekst og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet omfattar kunnskap om fonologiske strukturar i det engelske språket og utvikling av eiga munnleg språkferdigheit. Studenten får vidare kjennskap til moderne kulturuttrykk og samfunnsmessige trekk frå den engelskspråklege verda. Emnet legg vekt på ulike litterære forteljemåtar og litterær analyse. Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. årssteg står sentralt. I tillegg gir emnet innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Learning outcome knowledge

Språk:

Studenten har grunnleggande kunnskap om lydsystemet i engelsk med vekt på skilnader og likskapar mellom engelsk og norsk

Didaktikk:

Studenten har kjennskap til det europeiske rammeverket for språk

Studenten har kjennskap til eit vidt spekter av lærebøker og andre læringsressursar som kan brukast i opplæringa

Studenten har kunnskap om ulike internasjonale og nasjonale prøver og kartleggingsverkty

Studenten har kunnskap om ulike læringsarenaer, til dømes digitale media, i opplæring for barn og unge

Studenten har kunnskap om vurderingsverkty og vurderingsformer som fremjar språkutvikling

Kultur:

Studenten vidareutviklar kunnskap om kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk ved heile den engelskspråklege verda.

Studenten kjenner eit utval tekstar, inkludert ungdomslitteratur, og har kunnskap om narrative strukturar og forteljemåtar 

Learning outcome skills

Språk:

  • Studenten kan identifisere lydmessige ulikskapar mellom engelsk og norsk
  • Studenten kan bruke kunnskap om det engelske lydsystemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane

Didaktikk:

  • Studenten kan bruke fagkunnskapen didaktisk og reflektert i høve til gjeldande fagplan for grunnskulen og kritisk vurdere eiga undervisning
  • Studenten kan kritisk vurdere og bruke eigna lærebøker og andre læremiddel
  • Studenten kan aktivt gjere nytte av dei erfaringane elevane har med engelsk
  • Studenten kan bruke digitale læringskjelder og verkty på ein kritisk måte (i eiga kunnskapsutvikling og) i pedagogisk arbeid med elevar

Kultur:

  • Studenten kan gjere greie for kulturelle og samfunnsmessige hovudtrekk frå den engelskspråklege verda
  • Studenten kan analysere litterære forteljemåtar og bruke presis terminologi, og kan leggje til rette for elevane sitt arbeid med litterære tekstar
  • Studenten kan leggje til rette for elevane si utforsking av levesett og kulturuttrykk i engelsktalande land sett i relasjon til eigen kultur  
Learning outcome qualification
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytt til elevane si læring og utvikling i engelskfaget
Working and learning activities

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett, to 2-dagarssamlingar i Volda og ei vekesamling i York. Det er obligatorisk oppmøte til alle samlingar (sjå 'Vilkår for å framstille seg til eksamen').

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Obligatorisk frammøte på samlingane.

 

Arbeidskrav:

Studenten skal produsere:

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i språk
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk
  • Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur

Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Studenten får eitt høve til å forbetre oppgåver som ikkje oppfyller krava. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluation

Studiet vert evaluert i samsvar med høgskulen sitt kvalitetssikringssystem

Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
30
Person in charge: 
Åsa Sundnes Bruheim
Kjetil Arve Myskja
Used in other programs
  • English 1 for Teachers years 5. -10. Compentence for Quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
-
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Mappa skal innehalde dei tre arbeidskrava og ein refleksjonstekst.
Adjusting oral examination
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Eksamen vil vere ei prøve både av pensumkunnskap og språkbruk. Pensumkunnskap tel noko meir.
Mappa