Semestre
ENG203 Adaptasjon og omsetting
60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller tilsvarande)
Emnet handlar om korleis historier, myter, forfattarskap, konsept og idear vandrar mellom ulike medium og tidsperiodar. Det tek utgangspunkt i forteljingar i ulike former, som romanar, eventyr og skodespel, og ser på kva som hender når dei blir tilpassa, omsett (eller begge deler), til andre kontekster eller former, som film, dataspel, Internett-memer, og teikneseriar på papir og skjerm.
Emnet samanliknar blant anna originale litterære verk med respektive filmadaptasjonar, men kan også ta føre seg spesielle hendingar, myter eller historier og sjå på korleis og kvifor desse blir framstilt ulikt i forskjellige medium. Studenten vil slik få ei forståing av korleis og kvifor adaptasjonar skil seg frå førelegga sine. Ein vil ta for seg tekstar og tilpassingar frå ulike historiske periodar og frå ulike delar av den engelskspråklege verda; ein vil slik kunne demonstrere at ulike media ikkje berre er definert av særeigne artistiske virkemiddel, men at dei også er påverka av historiske, sosiale og kulturelle faktorar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Etter fullført emne har studenten:
- avansert kunnskap om formelle trekk ved ulike medium og sjangrar (som t.d. romanar og skodespel) og samansette tekstar (som t.d. teikneseriar og filmar)
- inngåande kjennskap til resepsjons-, adaptasjons- og omsetjingsteori, inklusive kjennskap til kva formelle, samfunnsmessige og kulturelle faktorar som formar adaptasjonar
- kunnskap om nokre sentrale, adapterte og/eller omsette verk i den engelskspråklege kulturhistoria
- kunnskap om forsking, vitskapsteori, forskingsetikk og forskingsmetodar
Etter fullført emne kan studenten:
- analysere struktur og artistiske verkemiddel i eit utval litterære verk, omsettingar og adaptasjonar
- gjere greie for og nytte adaptasjonsteori
- forstå korleis og kvifor aptasjonar skil seg frå sine respektive kjelder
Etter fullført emne kan studenten:
- bruke litterær og filmatisk fagterminologi for å drøfte forholdet mellom litteratur og film
- skrive og snakke om litteratur og film på ein overtydande og effektiv måte på akademisk engelsk
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar, arbeid i grupper og individuelt arbeid. I tillegg brukar vi ei rekkje digitale læringsressursar, mellom anna HVO sine eigne.
Kvar student skal gje ein kort munnleg presentasjon individuelt eller i grupper. Kvar student skal også levere inn eit førsteutkast til den individuelle skriftlege oppgåva (sjå vurdering og eksamen). Tema for oppgåva blir vald i samråd med faglærar, og må godkjennast av denne. Kvar student har rett til eitt individuelt rettleiingsmøte med rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet. Begge oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Begge krava må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 4000-5000 ord | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 45 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |