Semestre

ENG203 Litteratur og film

Emnekode: 
ENG203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Litteratur og film
Emnenavn på bokmål: 
Adaptasjon og oversetting
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Krav til forkunnskapar

60 studiepoeng i engelsk (årsstudium eller tilsvarande)

Om emnet

Emnet utforskar likskapar og ulikskapar mellom litteratur og film. Dette blir gjort hovudsakleg ved at ein samanliknar originale litterære verk med respektive filmadaptasjonar, men ein vil også ta føre seg spesielle hendingar, myter eller historier og sjå på korleis og kvifor desse blir framstilt ulikt i dei to media. Studenten vil slik få ei forståing av korleis og kvifor filmadaptasjonar skil seg frå litterære tekstar. Ein vil ta for seg tekstar og filmar frå ulike historiske periodar og frå ulike delar av den engelskspråklege verda; ein vil slik kunne demonstrere at dei to media ikkje berre er definert av særeigne artistiske virkemiddel, men at dei også er påverka av historiske, sosiale og kulturelle faktorar.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten kunnskap om:

- likskapar og ulikskapar mellom litteratur og film

- filmadaptasjonar av litterære verk

- litterære tekstar og filmadaptasjonar i ein historisk, sosial og kulturell kontekst

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten:

- analysere struktur og artistiske verkemiddel i eit utval litterære verk og filmadaptasjonar

- forstå korleis og kvifor filmadaptasjonar skil seg frå sine respektive litterære kjelder

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten:

- bruke litterær og filmatisk fagterminologi for å drøfte forholdet mellom litteratur og film

- skrive og snakke om litteratur og film på ein overtydande og effektiv måte på akademisk engelsk

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga vert gitt i form av forelesingar, diskusjonar og individuell rettleiing. Det vil bli gitt tre timar undervising per veke i 12 veker.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Kvar student skal gje ein kort munnleg presentasjon individuelt eller i grupper. Kvar student skal også levere inn eit førsteutkast til den individuelle skriftlege oppgåva (sjå vurdering og eksamen). Tema for oppgåva blir vald i samråd med faglærar, og må godkjennast av denne. Kvar student har rett til eitt individuelt rettleiingsmøte med rettleiar, i tillegg til tilbakemelding på førsteutkastet. Begge oppgåvene må leverast innan ein frist som vert kunngjort ved semesterstart. Begge krava må vere godkjende for at studenten skal få gå opp til eksamen.

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Svenn-Arve Myklebost
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg justerande eksamen
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100