Semestre

ENG211 Bacheloroppgåve - språk

Emnekode: 
ENG211
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Emnenavn på engelsk: 
Bacheloroppgåve - språk
Emnenavn på bokmål: 
Bacheloroppgåve - språk
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Engelsk
Krav til forkunnskapar

75 studiepoeng engelsk, som må inkudere 60 stp på grunnivå:  ENG141, ENG142, ENG43, ENG144 , og minst eitt fordjupingsemne i engelsk, anten ENG200 eller ENG201 (eller tilsvarande emne frå andre lærestadar etter søknad). Bacheloroppgåva må byggje på eit fordjupingsemne, men fordjupingsemnet kan eventuelt takast parallelt med bacheloroppgåva.

Om emnet

Emnet består av ei indviduell, skriftleg oppgåve og eit tilhøyrande teoripensum. Oppgåva skal vere på 7000-9000 ord (bokliste og vedlegg ikkje medrekna). Studenten vel sjølv tema for denne i samråd med emneansvarleg. Arbeidet skal vere ei forlenging av det språklege fordjupingsemnet studenten har avlagt eksamen i, eller skal avlegge eksamen i same semester. Oppgåva skal skrivast på engelsk.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  •  inngåande kunnskap om eit utvald språkleg emne.
  • grunnleggande kunnskap om  teori og forskingsmetode relevant i høve til dette emnet

 

Ferdigheiter
  • evne til å utforske det utvalde emnet basert på ei problemstilling utarbeidd saman med rettleiar
  • evne til å finne naudsynt kjeldemateriale, og til å bearbeide, drøfte og presentere dette i ei lengre, skriftleg form.
Generell kompetanse
  • evne til å uttrykkje seg på akademisk engelsk
  • evne til å rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten skal i samråd med rettleiar/emneansvarleg velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen. Arbeidet med stoffet er elles sjølvstudium.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og pensumframlegg innan oppsett frist i byrjinga av semesteret.
  • Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med oppnemnd rettleiar, alternativt nett/telefon-samtalar.
  • Før den andre rettleingssamtalen skal studenten levere ei oppgåveskisse på minimum 1500 ord, og eit utkast til pensumlista.
  • Oppgåva med pensumlister må leverast innan oppsett frist.
  • For å få godkjendt arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar.
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Kjetil Arve Myskja
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk - fordjupingsstudium
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studentane vel tema i samråd med faglærar. I tilknyting til oppgåva skal studenten i samarbeid med rettleiar/emneansvarleg legge opp eit pensum på om lag 450 sider relevant litteratur. Ein skal ikkje nytte tekstar som studenten har nytta som pensum i andre emne.
Det vert gitt ein førebels karakter på oppgåva.
Oppgåva skal vere på 7- 9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna).
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Studentane vert eksaminerte i både pensumlitteratur og i bacheloroppgåva. Studenten si evne til å uttrykkje seg munnleg på engelsk vil telje med i vurderinga.