Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
ENG211 Bacheloroppgåve - språk
Minst 70 studiepoeng som består av grunnemne i engelsk (ENG141, ENG142, ENG143, ENG144, eller tilsvarande) + minst eitt fordjupingsemne på 10-15 stp i engelsk litteratur/kultur, til dømes ENG200 eller ENG201. Eng 211 kan eventuelt takast parallelt med fordjupingsemnet, men dette blir ikkje tilrådd.
Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve. Oppgåva er på 7000-9000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna). Oppgåva skal skrivast på engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- inngåande kunnskap om eit utvald språkleg emne.
- grunnleggande kunnskap om teori og forskingsmetode relevant i høve til dette emnet
- evne til å utforske det utvalde emnet basert på ei problemstilling utarbeidd saman med rettleiar
- evne til å finne naudsynt kjeldemateriale og sekundærlitteratur, og til å bearbeide, drøfte og presentere dette i ei lengre, skriftleg form.
- evne til å uttrykkje seg på akademisk engelsk
- evne til å rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Studenten skal i samråd med rettleiar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen, men det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig.
- Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og utkast til litteraturliste innan oppsett frist i byrjinga av semesteret.
- Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med oppnemnd rettleiar, alternativt nett/telefon-samtalar.
- Før den andre rettleingssamtalen skal studenten levere ei oppgåveskisse på minimum 1500 ord + litteraturliste.
- For å få godkjendt arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Oppgåva skal vere på 7- 9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna). | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Studentane vert eksaminerte i både pensumlitteratur og i bacheloroppgåva. Studenten si evne til å uttrykkje seg munnleg på engelsk vil telje med i vurderinga. |
Det vert gitt ein førebels karakter på oppgåva.