Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
- 2019 Vår
- 2018 Haust
- 2018 Vår
- 2017 Haust
- 2016 Haust
ENG211 Bacheloroppgåve - språk
Minst 70 studiepoeng som består av grunnemne i engelsk (ENG141, ENG142, ENG143, ENG144, eller tilsvarande) + minst eitt fordjupingsemne på 10-15 stp i engelsk språk, til dømes ENG200, ENG201 og ENG207. Eng 211 kan eventuelt takast parallelt med fordjupingsemnet, men dette blir ikkje tilrådd.
Emnet består av ei individuell, skriftleg oppgåve. Oppgåva er på 7000-9000 ord (litteraturliste og evt. vedlegg ikkje medrekna). Oppgåva skal skrivast på engelsk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- inngåande kunnskap om eit utvald språkleg emne.
- grunnleggande kunnskap om teori og forskingsmetode relevant i høve til dette emnet
- evne til å utforske det utvalde emnet basert på ei problemstilling utarbeidd saman med rettleiar
- evne til å finne naudsynt kjeldemateriale og sekundærlitteratur, og til å bearbeide, drøfte og presentere dette i ei lengre, skriftleg form.
- evne til å uttrykkje seg på akademisk engelsk
- evne til å rette seg etter gjeldande normer for akademisk skriving.
Studenten skal i samråd med rettleiar velje tema, problemstilling og avgrensing for oppgåva. Studenten får rettleiing frå faglærar undervegs i prosessen, men det er ein føresetnad at studenten arbeider sjølvstendig.
- Studenten må levere eit oppsett over emne, problemstilling og utkast til litteraturliste innan oppsett frist i byrjinga av semesteret.
- Studenten skal møte til to eller tre avtalte rettleiingssamtalar med oppnemnd rettleiar (alternativt nett/telefon-samtalar).
- Før den andre rettleingssamtalen skal studenten levere ei oppgåveskisse på minimum 1500 ord + litteraturliste.
- For å få godkjendt arbeidskrava må studenten halde seg til fastsette fristar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Engelsk - fordjupingsstudium
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Oppgåva skal vere på 7- 9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna). | ||||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Studentane vert eksaminerte i både pensumlitteratur og i bacheloroppgåva. Studenten si evne til å uttrykkje seg munnleg på engelsk vil telje med i vurderinga. |
Det vert gitt ein førebels karakter på oppgåva.