Semestre

ENG2A-510KFK Engelsk 2A for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet

Emnekode: 
ENG2A-510KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Om emnet

Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
 
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Språk:

  • Studenten har kjennskap til oppbygging og variasjonar i setningsstruktur, og korleis slike strukturar blir brukt til å uttrykkje meiningsnyansar

Didaktikk:

  • Studenten har kunnskap om historisk utvikling av metodar og tilnærmingar til opplæring i engelsk

  • Studenten har kunnskap om ulike måtar å organisere opplæringa på

  • Studenten har kunnskap om korleis ulike faktorar kan påverke læring av engelsk

  • Studenten har innsikt i ulike læringsstrategiar som kan gjere elevane medvitne om eiga læring og språkutvikling i eit langsiktig perspektiv

 

Kultur:

  • Studenten kjenner trekk ved samfunnsutviklinga i heile den engelskspråklege verda frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen

  • Studenten kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen til både personleg vekst og undervisningsbruk

Ferdigheiter

Språk:

  • Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar

  • Studenten kan bruke kunnskap om det engelske grammatiske systemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane

 

Didaktikk:

  • Studenten kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning slik at det vert tatt omsyn til mangfaldet i elevgruppa og kulturell og språkleg bakgrunn

  • Studenten kan legge til rette for varierte og differensierte læringsaktivitetar som fremmer utviklinga av elevane sine reseptive og produktive språkferdigheiter, blant anna ved bruk av digitale læringsverktøy

  • Studenten kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar og bruk av eigenvurdering

     

    Kultur:

  • Studenten kan kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen

  • Studenten kan nyttegjere seg det heilskaplege perspektivet i eiga undervising

Generell kompetanse
  • Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa

  • Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge

  • Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett og to todagarssamlingar i Volda.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til samlingane

Arbeidskrav:

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i språk (omfang ikkje relevant)

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1500 ord)

  • Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1500 ord)

     

    Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Kjetil Arve Myskja
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Engelsk 2 for 5-10 årssteg - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av:
Ei mappe med dei tre arbeidskrava og ein refleksjonstekst på 800 -1200 ord
Munnleg justerande eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Munnleg eksamen basert på mappe og pensum