Semesters
ENG2A-510KFK Engelsk 2A for 5-10 årssteg, Kompetanse for kvalitet
Emnet er fyrste del av studiet Engelsk 2, 5-10 Kompetanse for kvalitet: vidareutdanning for lærarar. Emnet gjev større grad av fagleg fordjuping i språkopplæring og fagdidaktikk og i eit rikt og variert utval av tekstar til personleg og fagleg vekst, og til bruk i undervisning på mellom- og ungdomssteget. Emnet gir meir kunnskap om grammatiske strukturar i det engelske språket og vidare utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og produktivt ordforråd. Språkets kulturelle forankring er sentralt i emnet.
Kritisk vurdering av ulike sider ved engelskopplæring for 5.-10. trinn står sentralt. I tillegg gir emnet meir innsikt i varierte, inspirerande og læringsfremjande aktivitetar og arbeidsmåtar. Engelsk blir sett i eit historisk og kulturelt perspektiv, med tekstar i ulike genrar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Språk:
Studenten har kjennskap til oppbygging og variasjonar i setningsstruktur, og korleis slike strukturar blir brukt til å uttrykkje meiningsnyansar
Didaktikk:
Studenten har kunnskap om historisk utvikling av metodar og tilnærmingar til opplæring i engelsk
Studenten har kunnskap om ulike måtar å organisere opplæringa på
Studenten har kunnskap om korleis ulike faktorar kan påverke læring av engelsk
Studenten har innsikt i ulike læringsstrategiar som kan gjere elevane medvitne om eiga læring og språkutvikling i eit langsiktig perspektiv
Kultur:
Studenten kjenner trekk ved samfunnsutviklinga i heile den engelskspråklege verda frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen
Studenten kjenner eit utval av litterære tekstar og andre kunstformer frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen til både personleg vekst og undervisningsbruk
Språk:
Studenten kan bruke engelsk sikkert og funksjonelt skriftleg og munnleg tilpassa målgruppa i ulike situasjonar
Studenten kan bruke kunnskap om det engelske grammatiske systemet til å justere eigen språkbruk, til å leggje til rette for elevane si språklæring og til å rettleie språkbruken til elevane
Didaktikk:
Studenten kan planlegge, gjennomføre og vurdere undervisning slik at det vert tatt omsyn til mangfaldet i elevgruppa og kulturell og språkleg bakgrunn
Studenten kan legge til rette for varierte og differensierte læringsaktivitetar som fremmer utviklinga av elevane sine reseptive og produktive språkferdigheiter, blant anna ved bruk av digitale læringsverktøy
Studenten kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar og bruk av eigenvurdering
Kultur:
Studenten kan kombinere og samanfatte kunnskap om engelskspråklege samfunn, kunst, kultur og litteratur frå renessansen fram til den amerikanske revolusjonen
Studenten kan nyttegjere seg det heilskaplege perspektivet i eiga undervising
Studenten kan formidle relevant fagstoff og kommunisere på engelsk på ein måte som er tilpassa målgruppa
Studenten kan reflektere over eiga læring og praksis i forhold til etiske grunnverdiar og skulens ansvar for den personlege veksten hjå barn og unge
Studenten kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å løyse identifiserte problem knytte til elevar si læring og utvikling i engelskfaget
Undervisninga blir gitt i form av nettforelesingar, innlevering av arbeidskrav, seminardiskusjonar på nett og to todagarssamlingar i Volda.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til samlingane
Arbeidskrav:
Eitt skriftleg arbeidskrav i språk (omfang ikkje relevant)
Eitt skriftleg arbeidskrav i didaktikk (1500 ord)
Eitt skriftleg arbeidskrav i kultur (1500 ord)
Oppgåvene er obligatoriske og skal leverast til fastsett frist. Studenten får tilbakemelding på arbeida sine. Alle arbeidskrav må vere godkjende for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- English 2 for Teachers years 5-10 - Compentence for Quality
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | ||||
Adjusting oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Munnleg eksamen basert på mappe og pensum |
Ei mappe med dei tre arbeidskrava og ein refleksjonstekst på 800 -1200 ord