Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
EXP100N Examen philosophicum, 10 stp, nettbasert
Ingen.
Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
- har kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
- har innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
- har innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
- har innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk
Studenten:
- har ferdigheiter i fagleg skriving
- har ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
- kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kan reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
- kan applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
- kan anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kan utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
- kan utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål - som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga er ei variasjon av digitale møtepunkt, skriftlege leksjonar og undervisningsfilmar i Canvas. Studenten får også individuell respons på skriftlege arbeid.
Student skal levere og få tilbakemelding på fleire skriftlege arbeid. Arbeida må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Examen Philosophicum (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | Alle | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen. 2500 ord (+/- 10%). |