Semestre

EXP100N Examen philosophicum, 10 stp, nettbasert

Emnekode: 
EXP100N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Haust
Eksamenssemester: 
2022 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

- ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
- ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
- ha innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
- ha innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
- ha innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk

Ferdigheiter

- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
- kunne nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kunne reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
- kunne applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
- kunne anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar 

Generell kompetanse

- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kunne utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
- utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar og undervisningsfilmar i Canvas. Det blir også lagt opp til møtepunkt i sanntid i Zoom mellom studentar og faglærarar. Studenten skal levere to oppgåver som det blir gitt respons på. Det vert utarbeidd ein detaljert plan over nettundervisninga med tidspunkt for leksjonar og fristar for innlevering av oppgåvene.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Student skal skrive to oppgåver. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 1000 ord og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei to oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Jostein Garcia de Presno
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Examen Philosophicum (nettstudium)
  • Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
2 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen. 2500 ord (+/- 10%).
Godkjent av: 
Arne Myklebust