Semestre
- 2025 Vår
- 2024 Haust
- 2024 Vår
- 2023 Haust
- 2023 Vår
- 2022 Haust
- 2022 Vår
- 2021 Haust
- 2021 Vår
- 2020 Haust
- 2020 Vår
- 2019 Haust
EXP100N Examen philosophicum, 10 stp, nettbasert
Ingen.
Emnet er ei innføring i tradisjonelle emne i examen philosophicum. Fagstoffet er fordelt på tre delar, og omfattar filosofi- og vitskapshistorie, generell vitskapsfilosofi og allmenn moralfilosofi.
Del 1 gjev oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes. Del 2 gjev eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar i vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet. Del 3 gjev eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar i moralfilosofien.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om
- ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider
- ha innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk
- ha innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkjemåtar og metodar
- ha innsikt i grunnleggande omgrep, teoriar og tenking innan allmenn moralfilosofi og etikk
- ha ferdigheiter i fagleg skriving
- ha ferdigheiter i planmessig arbeid med, emneavgrensing, problemformulering, stoffsamling og kjelder
- kunne reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette etter respons
- kunne nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer
- kunne reflektere over filosofiske problemstillingar og filosofiske omgrep
- kunne applisere vitskapelege tenkemåtar og metodar på ulike fagstudium
- kunne anvende etisk tenking på utvalde etiske problemstillingar
- kunne formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg
- kunne utveksle oppfatningar og erfaringar med andre med bakgrunn innan fagområdet
- utvikle evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, vitskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.
Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar i Canvas. Studenten skal levere to oppgåver som det blir gitt respons på. Det vert utarbeidd ein detaljert plan over nettundervisninga med tidspunkt for leksjonar og fristar for innlevering av oppgåvene.
Student skal skrive to oppgåver. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 1000 ord og skal leverast i Canvas innan oppgjevne tidsfristar. Lærar kommenterer og vurderer dei to oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11.
- Examen Philosophicum (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 2 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen. Eksamensoppgåva må ikkje overstige 2500 ord. |