Semesters
GL1-7KR1 Kroppsøving 1
Ingen.
Faget kroppsøving for 1.-7. trinn i lærarutdanninga skal kvalifisere for undervisning i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Undervisninga i faget skal vere forskingsbasert og profesjonsorientert. Den tek utgangspunkt i kroppsøvings som eit allmenndannande fag og skal vere knytt til praksisfeltet. Kroppsøving skal gje studentane solid pedagogisk og fagdidaktisk kompetanse til å arbeide ut frå gjeldande læreplan, men også til å utvikle faget i framtida og på eit breiare grunnlag ivareta dei kroppslege dimensjonane ved det å vere menneskje. Studentane skal tileigne seg kunnskapar om og erfaring med ulike rørslemiljø og rørslekulturar. Faget skal gje studentane grunnlag for å utvikle sin lærarkompetanse individuelt og i samarbeid med andre og for å fremje fysisk aktivitet og rørsleglede. Det skal styrke studentane si allmenndanning og profesjonsidentitet i respekt for ulike kulturar og verdiar. Emnet er ei innføring i det å vere lærar i kroppsøving i dei første sju trinna i grunnskulen. Det vert lagt vekt på kroppsøving som ein del av begynneropplæringa med særleg ansvar for allsidig kroppsleg utvikling, oppleving og læring. Kroppsøving i ulike rørslemiljø, tilretteleggjing for leik og begynneropplæring i idrett, orientering, friidrett, turn, generell koordinasjon og kystfriluftsliv står sentralt. Pedagogikken i emnet byggjer på ei eksemplarisk og praktisk tilnærming. Studentane får både prøve seg sjølv i ulike rørsleaktivitetar og i varierte arbeidsmåtar som er eigna til å fremje kroppsleg utvikling, læring, kreativitet og rørsleglede for alle elevane. Kjennskap til alderstypiske trekk og samarbeid med praksis om å møte eleven og elevgrupper i kroppsøving er av vesentleg betyding for å nå målsetjingane i kroppsøving.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Stduenten:
har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett
har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete
har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
har kunnskap om prinsipp og metodar for trening av styrke, uthald, hurtigheit, spenst og leddutslag for personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
har kunnskap om bruk av test- og registreringsutstyr
har kunnskap om idrettsskadar og doping
har kunnskap om grunnleggjande anatomi med tanke på fysisk utfalding
har kunnskap om grunnleggjande prinsipp i bevegelseslære, mekaniske- og organiske forhold ved bevegelsar
har kunnskap om grunnleggjande ergonomi
har kunnskap om basisdugleikar som er relevant til kroppsøving og idrett
har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane
har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
har innsikt i grunnleggjande pedagogiske teoriar om kva som fremjer meistring, trivsel, utvikling, læring, danning og motivasjon i kroppsøving og idrett
har innsikt i tema idrett, kroppsøving og sjølvbilete
har innsikt i relevant forsking- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
har innsikt i den organiserte barne- og ungdomsidretten si historie, verdigrunnlag og samfunnsmandat
kan bruke faget til å gi treningsråd til personar i ulike aldersgrupper, på ulike nivå og med ulike føresetnader
kan anvende sentrale treningsmetodar og treningsprinsipp og vise korleis desse kan brukast på ulike nivå innan kroppsøving og idrett
forstår samanhengen melom muskel og skjelett i rørsle
har grunnleggjande forståing for biomekaniske prinsipp
har erfaring med grunnleggjande fagdidaktikk i praksis, og kan vise fagleg kunnskap og didaktisk refleksjon
kan planleggje, leie, leggje til rette for, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet for ulike målgrupper på ulike utviklingsnivå og med ulike føresetnader
har kunnskap om grunnleggande kystfriluftsliv og ferdsel i kystnære strøk
har grunnleggjande fagdidaktisk kunnskap og refleksjon knytt til dei praktiske aktivitetane/idrettane
har kunnskap om korleis ein kan planlegge, legge til rette for, tilpasse og gjennomføre praktisk metodiske opplegg i utvalde aktivitetar
Studenten:
kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving saman med andre skulefag bidreg til eleven si allmenndanning
kan kommunisere om problemstillingar knytt til kroppsøving og organisert idrett og kroppsleg læring
kan reflektere og kommunisere om problemstillingar knytt til opplæring- og instruksjon i orientering, leik og idrettsaktivitetar, friidrett og kystfriluftsliv, turn, generell koordinasjon og praktisk treningslære
kan vurdere grunnleggjande prinsipp og metodar for trening av barn, unge og vaksne
kan kommunisere om problemstillingar knytt til treningslære og bevegelseslære som er relevante i kroppsøving og i den organiserte idretten
kan kommunisere om grunnleggande anatomi og bevegelseslære
kan forstå samanhengen mellom anatomiske og mekaniske element som grunnlag for å vurdere og rettleie elev/utøvar i praktiske aktiviteter
kan tilrettelegge for eit variert og stimulerande rørslemiljø i skule og innan idretten
kan ta ansvar for kontinuerlig utvikling av eigen profesjonalitet
kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet som kroppsøvingslærar og trenar
Ein vil variere mellom forelesningar, seminar, webinar, gruppe- og individuelt arbeid.Praktisk undervisning vil foregå i sal, ute, på treningssenter, på styrkerom, testlaboratorium og eigna områder i nærområdet. Kystfriluftsliv vert gjennomført på basen vår på Yksnøya.
Canvas vert nytta i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av digitale verktøy. Dette vil vere ein reiskap i samband med informasjonssøking, studentpresentasjonar, arbeidskrav og undervisning i faget.
Emnet vil bestå av:
Kurs 1: Pedagogikk og samfunn
Kurs 2: Treningslære
Kurs 3: Bevegelseslære
Praktiske kurs med fokus på didaktiske problemstillingar knytt til tilrettelegging av aktivitetar i ulike rørslemiljø i kroppsøving:
Kurs 4: Orientering
Kurs 5: Leik og idrettsaktivitetar
Kurs 6: Friidrett
Kurs 7: Praktisk treningslære
Kurs 8: Turn og generell koordinasjon
Kurs 9: Kystfriluftsliv
Frammøtekrav:
Krav om 80 % oppmøte i kurs 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8.
Krav om 100 % deltaking i kurs 9.
Arbeidskrav:
Seminarpresentasjon i grupper med respons i kurs 1
Individuell skriftleg innlevering i kurs 1. Omfang: 1500-2000 ord
- Skuleovertaking. Eit samarbeid med praksisfeltet. Førebuing, gjennomføring og evaluering av skuleovertaking (16.11.2018). Godkjent refleksjonsnotat på ca. 400 ord
Godkjent praktisk metodisk oppgåve (PMO) med individuell/gruppevis rapport i utvalt kurs
Godkjent idrettsteorioppgåve/prøve i kurs 4, 5, 6 og 8
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
400 kr
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oral examination | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Kurs 1: Pedagogikk og samfunn | |||
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Kurs 2: Treningslære | ||
Digital examination | Individual | 3 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 30 | Kurs 3: Bevegelseslære | ||
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 3 Days | Pass / fail | Kurs 9: Kystfriluftsliv. Vurderingsgrunnlag: Praktisk dugleik og aktiv deltaking på tur, førebuing og etterarbeid. |