Semestre

GL1-7RLE1 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1 (1-7)

Emnekode: 
GL1-7RLE1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

KRLE1 gir historisk og aktuell kunnskap omkristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk. KRLE 1 er delt i fire fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. Fagdidaktiske perspektiv er likevel integrert i alle emna, og slik gir KRLE1 kunnskapar og ferdigheiter tydeleg retta mot KRLE-undervisning på 1.-7.årssteg. 

KRLE 1 gir òg studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer.

Delar

Del 1 Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn

Del 1 gir kunnskap om tekstar, truslære og historisk utvikling til jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøse- og ikkje-religiøse livssyn.

Del 2 Kristendom

Del 2 gir kunnskap om kristendomshistorie, kristen truslære og om Bibelen og forteljingar frå kristen tradisjon.

Del 3 Filosofi og etikk

Del 3 gir kunnskap om filosofisk og religiøs etikk, ulike etiske teoriar, menneskesyn og filosofisk samtale.

Del 4 Fagdidaktikk

Del 4 gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn og om KRLE-fagets eigenart og historie. Del 4 gir òg kunnskap om og ferdigheiter i  eit variert
spekter av metodar i faget med tanke på undervisning på 1.-7. årssteg.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

-       har kunnskap om religionar og livssyn, mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfattingar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold

-       har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen

-       har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen

-       har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk, og om filosofering med barn

-       har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia

-       har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar

-       har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse i høve til undervisninga i KRLE

-       har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald

-       har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål

-       har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna

-       har kunnskap om barns gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar

-       har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn

-       har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag

Ferdigheiter

Studenten

-       kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane

-       kan bruke sentrale arbeidsmåtar i KRLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk

-       kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette

-       kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar

-       kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget

-       kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn

-       kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer

-       kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga

-       kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga

-       kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga

Generell kompetanse

Studenten:

-       har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar

-       kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet

-       har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga kan og bli digitalt overført til eller frå andre høgskular. Det er obligatorisk frammøte (80%), jf, § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Frå 17. til 21. oktober 2016 tilbyr vi studietur til London. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f. eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner. Det inkluderer flyreise tur -retur Vigra- London, overnatting og kursavgift.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må
studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver innan fastsett frist
- ha fått godkjent fire innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist

Sensorordning

Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Hatlebrekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen.
Om lag 4000 ord.
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Munnleg eksamen kan gjelde heile pensum