Semestre
GL1-7RLE1 Kristendom, religion, livssyn og etikk 1 (1-7)
Ingen
KRLE1 gir historisk og aktuell kunnskap omkristendom, religionar, livssyn, filosofi og etikk. KRLE 1 er delt i fire fagområde der fagdidaktikk er ein eigen del. Fagdidaktiske perspektiv er likevel integrert i alle emna, og slik gir KRLE1 kunnskapar og ferdigheiter tydeleg retta mot KRLE-undervisning på 1.-7.årssteg.
KRLE 1 gir òg studentane nødvendig kultur- og religionskompetanse i møte med elevar, heimar og i samarbeid med kollegaer.
Delar
Del 1 Jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøsitet og ikkje-religiøse livssyn
Del 1 gir kunnskap om tekstar, truslære og historisk utvikling til jødedom, islam, hinduisme, buddhisme, nyreligiøse- og ikkje-religiøse livssyn.
Del 2 Kristendom
Del 2 gir kunnskap om kristendomshistorie, kristen truslære og om Bibelen og forteljingar frå kristen tradisjon.
Del 3 Filosofi og etikk
Del 3 gir kunnskap om filosofisk og religiøs etikk, ulike etiske teoriar, menneskesyn og filosofisk samtale.
Del 4 Fagdidaktikk
Del 4 gir kunnskap om religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn og om KRLE-fagets eigenart og historie. Del 4 gir òg kunnskap om og ferdigheiter i eit variert
spekter av metodar i faget med tanke på undervisning på 1.-7. årssteg.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om religionar og livssyn, mangfald og ulike retningar, trusinnhald og oppfattingar, praksis, etikk og estetiske uttrykk, med særleg vekt på kristendommen og norske forhold
- har kunnskap om religionshistorie med vekt på eldre tid og særleg på kristendommens historie fram til og med reformasjonen
- har kunnskap om heilage tekstar: hovudinnhald, historisk bakgrunn og sentrale forteljingar, med særleg vekt på Bibelen
- har kunnskap om vestleg filosofihistorie med vekt på antikken, særleg menneskesyn og etikk, og om filosofering med barn
- har kunnskap om humanisme som livssyn i historisk kontekst og som filosofisk perspektiv i ulike variantar i bryting med andre menneskesyn gjennom historia
- har kunnskap om etiske teoriar og bruken av desse i høve til nokre aktuelle problemstillingar
- har kunnskap om menneskerettane og FNs barnekonvensjon og diskusjonane om ulike konsekvensar av desse i høve til undervisninga i KRLE
- har kunnskap om diskusjonane kring kognitiv forvirring i møte med religiøst og anna kulturelt mangfald
- har kunnskap om grunnskolefaget si historie i hovudtrekk, grunngjeving, innhald og føremål
- har kunnskap om sentrale arbeidsmåtar i faget i høve til dei aktuelle trinna
- har kunnskap om barns gudsomgrep, religiøse førestellingar og opplevingar
- har kunnskap om kva religiøse seremoniar og høgtider har å seie for barn
- har kunnskap om reglement for fritak på religiøst og livssynsmessig grunnlag
Studenten
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere KRLE-undervisning på ein sjølvstendig og fagleg gjennomtenkt måte med vekt på danningsperspektiv og dei fleirkulturelle utfordringane
- kan bruke sentrale arbeidsmåtar i KRLE med vekt på arbeidet med høgtider, forteljingar og estetiske uttrykk
- kan setje seg inn i borna sine tankar og førestellingar om religiøse og filosofiske spørsmål og kan samtale med dei om dette
- kan samtale med barn om tilhøve som oppstår i samband med vanskelege livssituasjonar
- kan samarbeide med andre lærarar, elevar og heimen om faget
- kan gjennomføre tilpassa opplæring i KRLE, mellom anna med omsyn til elevar med bakgrunn i ulik tru og ulike livssyn
- kan kombinere kravet om objektiv, kritisk og pluralistisk undervisning i KRLE med varierte, elevaktive og engasjerande arbeidsmåtar med tilsvarande vurderingsformer
- kan legge til rette for utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene i undervisninga
- kan reflektere kritisk over innhaldet og verdimålsettingane for faget i skolen og over forholdet mellom fag, undervisning og eiga utvikling i yrkesutøvinga
- kan bruke internett og digitale læremidlar på ein kritisk og pedagogisk måte i undervisninga
Studenten:
- har yrkesetisk kompetanse og kan sjå dette i samanheng med religiøse og livssynsmessige tradisjonar
- kan leggje til rette for samarbeid mellom heimen, skolen og lokalmiljøet
- har forståing for rolla som verdiformidlar i eit fleirkulturelt samfunn
Undervisninga består av forelesingar i klasserom og ulike typar studentaktivitet. Undervisninga kan og bli digitalt overført til eller frå andre høgskular. Det er obligatorisk frammøte (80%), jf, § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Vi arrangerer studietur til London i veke 42. Der vil vi besøke ulike trussamfunn og gudshus, som f. eks. moske, hindutempel og synagoge og bli kjent med engelsk religionsundervisning i multikulturelle skular. Turen vil koste om lag 5000 kroner, inkludert flyreise, overnatting i tomannsrom og kursavgift.
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må
studenten
- ha fått godkjent to kunnskapsprøver innan fastsett frist
- ha fått godkjent fire innleveringar på 1500 ord innan fastsett frist
- ha delteke på studietur til London. Erstatningsarbeid for dei som ikkje har høve til å vere med
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11. (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Digital eksamen. | Om lag 4000 ord. | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Munnleg eksamen kan gjelde heile pensum |